700 elevar dansa mot Sykkel-VM

Det var fullt liv då 700 sjette- og sjuandeklassingar i Fjell var samla i Sotra Arena i dag og dansa seg mot Sykkel-VM med den lokale VM-songen «Let´s Go for Ride».

Produsenten og artisten Andreas Pareli hadde fått med seg Ole Petter Knarvik i Absence Crew for å læra elevane VM-dansen.

– Film frå arrangementet i dag vert om kort tid lagt ut på Youtube. Det vert også vist video på arrangementet på Sartor Storsenter den 24. september, seier Andreas Pareli.

Pareli opplyser at dansen til «Lets Go for a Ride» kan brukast i undervisninga i skulen.

– I går fekk musikklærarane i Fjell opplæring i dansen, og dei imponerte, seier han.

Seinare på onsdagen vart songen presentert for skuleleiarane på skuleleiarsamlinga på Knappskog.

Foto

Elevar frå Danielsen skule
Sjetteklassingar frå Landro skule. Frå venstre; Julie Lynglund Johansen, Sofie Dyrøy Stensager, Ariel Torrissen, Karoline Kleppe Forland og Andrea Hitsøy.
Produsenten og artisten Andreas Pareli hadde fått med seg Ole Petter Knarvik i Absence Crew
Elevar frå Danielsen skule

Tekst og bilete: Vigleik Brekke