Arrangerer Sykkel-VM med miljøprofil

Fjell kommune stiller miljøkrav til gjennomføringa av Sykkel-VM. Det kommunaleigde selskapet FjellVAR har tinga inn 75 tusen bestikk, 50 tusen tallerkar og 30 tusen koppar som skal nyttast til servering i arrangements- og fansonene på Ågotnes, Kolltveit og Straume.  Emballasjen er laga av maisstivelse.

Foto: Ecoecho

Fagsjef for renovasjon i FjellVAR, Espen Elstad, opplyser at all emballasje til servering dermed kan gå saman med matavfallet.

– Vi må gjera det enkelt på serveringsstadene slik at mest mogleg avfall vert våtorganisk. Koppar og tallerkar er laga av maisstivelse. Dette er eit bilogisk nedbrytbart produkt som kan kastast saman med matavfall. Alternativet ville vore plast som går til forbrenning som ikkje kan gjenbrukast, seier Espen Elstad.

Matavfallet og emballasjen går først til anlegget i Knarrvika før det vert sendt vidare til biogassproduksjon på Austlandet. Avfallet endar til slutt opp som gjødsel.

Dei to siste dagane i Sykkel-VM, 23. og 24. september, går det ritt frå Øygarden via Fjell til Bergen. Det vert arrangementssonar på Rong (start), Ågotnes, Kolltveit og Straume.

Tekst: Vigleik Brekke