Åtte frå Fjell kommune deltok i Skjærgårdsrittet

Åtte spreke syklistar frå Fjell kommune deltok på Skjærgardsrittet på andre pinsedag.

Her er fem av deltakarane frå Fjell som var rimeleg stolte av eigen innsats. Frå venstre: Lennart Fjell, Halvor Skurtveit, Berit Karin Rystad, Unni Rygg og Ivar Einarsen. Foto: Sonja Eide.

Ein av deltakarane, kultursjef Lennart Fjell, er godt nøgd med den kommunale innsatsen. Dei fleste av gruppa frå Fjell, inklusive kultursjefen, sykla trimløypa på om lag 3,8 mil.

– Eg må dela litt ekstra ros til Kristoffer Barhaug hjå Plan- og utbyggingssjefen som sykla den lange løypa på 8,2 mil, seier Fjell.

Han var også imponert 10-mannsgruppa i front som sykla inn til ny rekord på 1 time og 59 minutt på den lange løypa. Det var Øyvind Nyhammer frå Fana IL Sykkel som trekte det lenstre strået i spurten.

Ifølgje kultursjefen var det ideelle forhold under rittet i går. Det var overskya, grei temperatur og litt medvind. Målgang var på Tjeldstø skule. I år var det også god deltaking av barn. Det gjekk eige barneritt frå Rong til Tjeldstø.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Sonja Eide