Author Archives: ingunn

Heile Øygarden syklar!

Oppfordringa frå før Sykkel-VM gjeld fortsatt, proklamerer desse tre spreke damene som utfordrar tilsette til å sykla til oppdrag kring i kommunen. Lat bilen stå og tenk at all aktivitet er nyttig for helsa!

Frå v. Bente Guntveit, Martha Landro og Christel Møvik-Olsen

Den kreative initiativtakaren, rådgjevar Martha Landro, fekk med seg kulturleiar Christel Møvik –  Olsen og folkehelsekoodinator Bente Guntveit på ideen.

Den raude sykkelen er ein god, gammaldags og hyggelig damesykkel medan den svarte sykkelen er el-sykkel som gjev god drahjelp til den som treng det.Martha Landro

Folkehelsa er i fokus når arven etter Sykkel-VM skal vidareførast. Så no er det berre for tilsette å booka sykkelen via Outlook – kalenderen og henta nøklar og syklar i Servicetorget på rådhuset på Rong.

Martha Landro

Oppdatert trafikkinformasjon – Sykkel-VM i Øygarden

Laurdag 23. og søndag 24. september går ritta frå Rong.  Det vil vera store avgrensingar på tilkomsten til området rundt rådhus, sjukeheim, ungdomsskule og Rong senter medan sykkeltraseen er stengt.

Trafikkavvikling i Øygarden 23. og 24. september
Laurdag 23. september:
Rittet startar kl. 09.30 frå Rong. Traseen Rong- Sotrabrua er stengt kl.08.45 til kl.11.30.

Søndag 24. september: 
Rittet startar kl. 10.05 frå Rong. Traseen Rong- Sotrabrua er stengt kl. 09.15 til kl.12.30.

Bruk gratis shuttlebuss til Rong og heiasonane mellom kl. 07.00 / 07.30  – 16.00
• Knappen – Rong tur/ retur – Første buss går kl. 07.00
• Tjeldstø – Rong tur/retur – Første buss går kl. 07.00
• Kollsnes næringspark – Rong tur/retur ( her er det ca 1000 parkeringsplassar) Startar ca kl. 07.30

OBS!

  • Vi har ein minibuss som er spesielt tilrettelagt for rørslehemma og rullestolar – det kan evt. verta noko ventetid.
  • Bussar som ikkje er turbussar, kan ta barnevogner og rullestolar i tillegg
  • Nokre av bussane er ekspressbussar.

Parkering:
• Laurdag og søndag frå kl. 07.00: Handicapparkering på Kulturhuset – Rong: Ved framvising av godkjent parkeringskort for funksjonshemma
• Laurdag: frå kl. 11.30: Grusbanen ved Blom bensinstasjon
• Søndag: frå kl. 12.30: Grusbanen ved Blom bensinstasjon

Bubilparkering:
Gratis bubilparkering på Rongesundskaien og i Kollsnes Næringspark
Tømmestasjon for bubilar i Oen på parkeringsplassen for Kystmuseet i Øygarden

Fleire stengte vegar inn mot Bergen i tida 08.30 – 19.00 – 21. – 24. september
Fram til Sykkel-VM er avslutta søndag 24. september vil det fortsatt vera stengte vegar og gater. Dette kan variera frå dag til dag. Hald deg oppdatert på informasjonssidene.
Eit godt alternativ er å parkera på Sartor senter og reisa kollektivt inn og ut av Bergen. Det  går shuttlebuss frå Straume til Bergen busstasjon kvart 20. minutt. Eit anna alternativ er å reisa før og etter stenging.

Opningstider butikkar, boder og bibliotek på Rong:
Laurdag 23.09:
• Boder: kl. 08.00 – 15.00 / kl. 18.00 – 22.30
• Butikkane: kl. 08.00 – 17.00 – Matbutikk til kl. 20.00
• Biblioteket: kl. 11.00 – 15.00

Søndag 24.09:
• Boder: kl. 08.00 – 16.00
• Butikkar: kl. 08.00 – 17.00
• Bibliotek: kl. 11.00 – 15.00

Meir informasjon finn ein på:
Trafikkavvikling: sykkelivest.no
Sida til Bergen2017: https://bergen2017.no/trafikkavvikling/
Busstransport: https://www.skyss.no/Rutetider-og-kart1/sykkel-vm/

 

Velkomen til MOT-arrangement laurdag kveld

Øygarden kommune inviterer heile regionen til Rong på MOT-arrangement laurdag kveld.
Her er alle velkomne; frivillige, ungdommar, foreldre og tilreisande frå alle kommunane i vest: Fjell, Sund og Øygarden.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det vil vera god plass til parkering på plassen ved sida bensinstasjonen på Rong.
Kom og ver med på ein fantastisk flott VM-kveld i Øygarden!!

 

Vinnar av fotokonkurransen veke 34

Vinnarbiletet i veke 34 har tittel Alt for seint…

Alt for seint

Juryen uttalar at dei synes dette er eit estetisk vakkert bilete som er godt å kvila augo på. Ja, sykkelen ser sliten og trøytt ut, men ikkje for sliten til å verta kasta på dunken. Fortsatt er det ein viss stolthet over han. Motivet får dei til å tenkja på at ein dag vert også Sykkel- VM i Øygarden eit gammalt minne!

Sjur Meling er vinnar av fotokonkurransen, veke 34.

Han får ei Sykkel – VM drikkeflaske i premie.
Juryen for veke 34 var Beate Rong på lønsavdelinga og Silvia Haugland på Servicetorget.

Vi takkar for innkomne bidrag, og hugs; allerede innkomne bilete er med i den vidare konkurransen.
Vi tek med glede imot fleire bilete fram til og med søndag 17. september.
Vinnaren av veke 35 vert publisert fredag 8. september.

Les meir om konkurransereglane og send inn bileta til mailto:sykkelivest@oygarden.kommune.noeller merk ditt bilete med #sykkelivest på Instagram for å delta i konkurransen.

Vi gratulerer Sjur Meling med vekas bilete i veke 34!

Tidlegare vinnarar er:
Veke 29: Belinda Tomic Hellesund, veke 30: Rune Titlestad, veke 31: Arne Petter Solberg, veke 32 og 33: Silje Mari Malmedal Alden.

 

 

Vinnar av fotokonkurransen – veke 33

Vinnarbiletet i veke 33 har «ei utstråling som viser at sykkel er gøy», meiner juryen.

Sykkeltrening

Vidare meiner juryen at biletet har øyeblikkets positivitet og energi i seg».
Vinnaren i veke 33 er Silje Mari Malmedal Alden.
Ho får ei Sykkel – VM drikkeflaske i premie.
Silje Mari har tidlegare vunne vekas bilete i veke 32, så her er det berre å gratulere igjen!

Juryen for veke 33 var Økonomikontoret ved Linda Rong Jacobsen og Norunn Rong.

Vi takkar for innkomne bidrag, og hugs; allerede innkomne bilete er med i den vidare konkurransen.

Men vi  tek med glede imot fleire bilete i veka som kjem, les meir om konkurransereglane og send inn bileta til mailto:sykkelivest@oygarden.kommune.no eller merk ditt bilete med #sykkelivest på Instagram for å delta i konkurransen.

Vi gratulerer Silje Mari Malmedal Alden med vekas bilete i veke 33!

Tidlegare vinnarar er:
Veke 29:Belinda Tomic Hellesund, veke 30: Rune Titlestad, veke 31: Arne Petter Solberg, veke 32: Silje Mari Alden.