Author Archives: lennart

Finn fram vikingen i deg!

Fjell kommune har fått løyve frå Guinness World Records, og går for verdsrekord i flest utkledde vikingar samla på ein stad. Gjeldande rekord er på 250 vikingar. Vi delar ut gratis materialpakkar til alle som vil vera med. Her finn du skisser og instruksjonsvideo for utarbeiding av vikingdrakter. Legg vekk barberhøvelen og finn fram saueskinnet!


Foto: Team Foto Bergen.

Vikingane inntek Straume under sykkel-VM laurdag 23. og søndag 24. september. Det blir vikingmarknad heile helga med høg trivselsfaktor ispedd dramatikk. Kler du deg historisk kan du vera med å skapa dobbelt verdshistorie på søndagen, etter at syklistane har sust forbi. Om du ikkje har ei vikingdrakt liggande, så kan du få hjelp til å laga ei sjølv.

Lag di eiga vikingdrakt – gratis!

Det var workshop på kveldstid tysdag 12. september på Fjell ungdomsskule, og onsdag 13. september på Tranevågen ungdomsskule. Heidi Gallefoss, lærar ved Fjell ungdomsskule har utvikla dei flotte oppskriftene på vikingdraktar. Hedvig Einen og Renate Strønen (lærarar ved Tranevågen ungdomsskule) har også vore nøkkelpersonar i dette prosjektet.

Bilete frå workshop

Henting av materialpakke:

  • Måndag 18. og tysdag 19. september: Fjell rådhus kl. 09.00 – 17.30
  • Onsdag 20. september: Stand i Glassgården, Sartor Storsenter kl. 11.00 -20.00

Materiale til vikingdrakt og symaskiner tilgjengeleg i Fjell folkeboksamling:

  • Torsdag 21. september kl. 15.00 – 19.00
  • Fredag 22. september kl. 11.00 – 16.00
  • Laurdag 23. september kl. 10.00 – 15.00

Oppskrift på vikingdrakt og tilbehør:

Video – Lag di eiga vikingdrakt

Om verdsrekordforsøket

Vi legg snart ut ein instruksjonsvideo som viser korleis ein skal gå fram for å lage vikingdrakt basert på materialpakkane vi tilbyr. Det vil også vera mogleg å laga si eiga vikingdrakt under marknaden på laurdagen. Sjølve verdsrekordforsøket blir rundt klokka 11.30 på søndagen, men vi håpar at mange vikingar er med å heie når syklistane passerer litt etter 10.30.  Alle som er med på verdsrekordforsøket er med i trekninga av flotte premiar. Førstepremien er ein vikingbursdag for inntil 20 barn, i regi av kultureventfirmaet Tidsreiser. Du kan elles vinne kinobillettar til heile familien og fine handverksprodukt som vikingsmykke, tresverd og nålebundne produkt.

Her finn du oppdatert program og meir informasjon om vikingmarknaden og verdsrekordforsøket.


Foto: Team Foto Bergen.

Krav til drakt

Slepp fantasien laus og finn fram vikingen i deg! Mykje, men ikkje alt er lov, sett i lys av Guinness World Records sine krav til drakt. Det er fleire alternativ til kostyme, og det er ikkje slik at det er absolutt autentisitet som tel. Hjelm med horn er til dømes lov. Hovudregelen er at ein skal ha noko på seg på hovudet, overkroppen og underkroppen. Sverd og øks, smykke eller anna type drakttilbehør er valfritt, og fottøy er heller ikkje eit krav. Husk elles at vikingane likte fargar – raud og blå var særleg populære fargar. Men unngå neon og pastellfargar. Hårprakt i dei aller fleste variantar er lov, så ei flette i skjegget eller i det lange håret er heilt på sin plass.


Foto: Kulturavdelinga, Fjell kommune.

Sjå her for meir informasjon når det gjeld henting av materialpakkar og oppskrifter/instruksjonsvideo, samt dei gjeldande draktkrava frå Guinness World Records.