Author Archives: Silvia Haugland

Reiselivsmagasinet Vilt og ekte 2017

Øygarden kommune har no klar ny utgåve av reislivsmagasinet «Vilt og ekte 2017».

Reiselivsmagasinet kjem i 2 opplag. Ei norsk utgåve, og ei engelsk utgåve. Årets magasin vil ikkje verta distrubuert til alle husstander, men om du ynskjer eit eksemplar kan du ta turen innom rådhuset i Øygarden, informasjonen på Sartor senter eller den nye turistinformasjonen i Bergen.

Digital utgåve av magasinet finn du under:

Vilt og ekte (norsk utgåve)

Wilde and Authentic (english edition)

Vinnar av foto/video konkurranse veke 29

Belinda Hellesund Tomic sitt bilete «Sykkel i havgapet» er plukka ut som vekas vinnar av foto/video konkurransen i veke 29.

Sykkel i havgapet – fotograf Belinda Hellesund Tomic

Delta i konkurransen ved å senda inn bilete til sykkelivest@oygarden.kommune.no eller merk ditt bilete med #sykkelivest på Instagram.
Vekesvinnaren får ei sykkel-VM drikkeflaske i premie. Under sykkel-VM i september kårer me dei tre beste bileta gjennom heile konkurransen. Desse får flotte sykkel-VM effekter sponsa av Flex reklame i premie.

Foto og video konkurranse med tema – Sykkel

Knips vinnarbiletet eller videosnutt til sykkel-VM 2017

Konkurranse frå  15. juli – 15. september.
Del sommarens sykkelmotiv med oss og få bildet/videoen presentert under Sykkel-VM arrangementet i Øygarden laurdag 23.september og på sykkelivest.no

Har du kjekke sykkelopplevingar eller finn du artige motiv med sykkel som tema i sommar, send bilete/video til Øygarden kommune på:

E-post: sykkelivest@oygarden.kommune.no
Facebook: Øygarden kommune si facebook side (@oygarden.kommune)
Instagram: #sykkelivest

Ver kreativ og finn di eiga personlege vinkling på sykkeltema.

Deltek du i konkurransen, kan du vinna kjekke premiar. Vinnarbileta/videoane saman med «beste utsnitt» vert presentert på arrangement sone Rong senter under Sykkel-VM i september.
Last opp bileta/videoane dine med tema «Sykkelivest» mellom 15. juli og 15. september.
Dei tre beste bileta/videoane vert synt fram laurdag 23. september.

1. Premie: Offisielle sykkel-VM produkt
2. premie: Offisielle sykkel-VM produkt
3. premie: Offisielle sykkel-VM produkt

Kvar fredag vert det trekt ut ein vinnar av vekas bilete/video.

Reglar:
• Bileta/video må vera tatt i Sund, Fjell eller Øygarden
• Du kan berre delta med bilde/video du sjølv har tatt.
• Det er innsendar sitt ansvar å få løyve til offentleggjering av eventuelt personar på biletet/videoen.
• Bilde/video med namnet på fotografen vert lagra i Øygarden kommune sitt arkiv. Andre personlig opplysningar (adresse/ e-post mv. vert sletta etter konkurransen)
• Øygarden kommune har rett til å offentleggjera innsendte bilete/videoar samt bruka dei på kommunen si heimeside, i magasin osv) Biletet/video vert i så tilfelle kreditert med fotografen sitt namn.

Blomvåg skule førebur seg til sykkel-VM

Elevar og lærarar ved Blomvåg skule gler seg til sykkel-VM og har vore aktive med ulike sykkel og sykkel relaterte aktivitetar i heile 2017.

Sykkelambassadørane Linn Andersen og Belinda Hellesund Tomic

No har dei tre sykkel ambassadørane Linn Andersen, Belinda Hellesund Tomic og Linda Blomvågnes laga sin eigen VM-vegg i vestibylen på skulen. Til skulestart i august skal det plasserast to ruller med sykkel i, ved VM-veggen slik at elevane kan «sykla seg til VM» i friminutt, gymtimar og i økter med fysisk aktivitet.

Dei har fått sykkel frå Kiwi Øygarden, som skal trekkjast ut som gevinst mellom dei elevane som syklar.
Etter kvart som me nærmar oss VM vil veggen/sykkel hjørnet verta utvida til heile Vestibylen.
Sykkelparkeringsplassen på skulen skal døypast til Peter Sagan plass med høgtidleg avduking rett etter skulestart i august.
Me vil nok få sjå fleire sykkel sprell frå denne gjengen fram mot september.

Strålande nøgde elevar på Toftøy skule

Siste skule ut i sykkelveka  i Øygarden var Toftøy skule , som fekk strålande sol og skyfri himmel på fredag,  då elevar frå 4. til 7. klasse hadde aktivitetsdag på sykkel.  Turgruppa var klar for tur til Rong etter å ha vore gjennom dei ulike stasjonane.

Turgruppe
Vaske – og sjekkstasjon

På Toftøy var programmet mellom anna vask – og sjekkstasjon, spurtløype, bakketempo og hinderløype samt langtur. Elevane  har sett høgdepunkter innan sykkelidrett og hatt sykkelprøve med forskjellige spørsmål.
Adrian og Jonas var ivrige med å få reingjort syklane sine, medan tremenningane Emilie og Jessica koste seg i sola mellom alle aktivitetane.

Emilie og Jessica er bestevenner

Veninnene Julie, Victoria og Sarah Emilie som stod i kø i den vesle hinderløypa, gledde seg til turen til på Rong  seinare på dagen. Kanskje vanka det ein is i fineværet?

Julie, Victoria og Sarah Emilie

Lærar Turid M. Tautra fortalde om strålande nøgde elevar som gav uttrykk for stor glede og trivsel. Spesielt dei som er urolige og kjedar seg i timane, tykte det var ekstra kjekt med slike aktivitetsdagar.  Erfaringa er at mange elevar blømer og utviklar seg vidare gjennom kreative aktivitetar  som set litt andre krav enn berre den teoretiske evna. Så på Toftøy var det berre blide og glade elevar å møte i dag!

Stor hinderløype
Lærar Turid M Tautra
Lita hinderløype
Grundig vask av Adrian og Jonas