– Betre enn vi drøymde om

Det mangla ikkje godord då dei politiske leiarane i Hordaland, Bergen, Askøy, Sund, Fjell og Øygarden oppsummerte Sykkel-VM på ein pressekonferanse i dag.

Børge Haugetun og Tom Georg Indrevik representerte Øygarden og Fjell på pressekonferansen i dag.

– Det var eit einaste stort eventyr og folkefest. Vi har opplevd ei forbrødring mellom bergensar og stril vi kan leva lenge på. Dette vart betre enn vi drøymde om, og vi hadde høge forventningar, sa ordførar i Øygarden, Børge Haugetun.

Ordføraren viste til at berre i startområdet på Rong var det 2 500 personar på plass på laurdag og fire tusen på sundag. Han roste det dei frivillige har gjort i samband med Sykkel-VM.

Varaordførar i Fjell, Tom Georg Indrevik, viste mellom anna til filmen dei tre kommunane i vest, Sund, Fjell og Øygarden, har produsert i samband med Sykkel-VM og som skal brukast i promoteringa av Nye Øygarden kommune.

– Då filmen vart vist på storskjermen på fansona på Kolltveit i helga kom det frå ein av dei frammøtte som tydeleg berørt sa: – Tenk at det er vår heimplass dei viser! Han viste til at ein av positive effektane av Sykkel-VM er tiltaket Alle barn syklar.

– Eg er stolt av det innbyggjarane  har skapt i dette arrangementet, sa Indrevik.

Det var byrådsleiar Harald Schelderup som opna pressekonferansen. Han opplyste at det vert gjennomført ei felles evaluering der også dei kritiske spørsmåla skal stillast.  Fungerande fylkesordførar Pål Kårbø takka sykkelpresidenten for eit vel utført oppdrag. Han kjente sterkt på den begeistringa som oppsto under Sykkel-VM.

Opningsrittet var på Askøy den 16. september. Ordførar i Askøy, Terje Mathiassen, var også begeistra og viste til at om lag 10 000 personar møtte opp på startområdet på Ravnanger, Kleppestø og langs løypa heilt fram til Askøybrua.

Frå venstre; Børge Haugetun, Tom Georg Indrevik, Harald Schelderup, Harald Tiedemann Hansen, Pål Kårbø og Terje Mathiassen.

Skryt frå UCI-presidenten

Sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen delte ut mykje skryt til staben, alle frivillige og dei andre aktørane som deltok i sykkelfesten. Han er varsam med å vera for sikker på oppmøte, men reknar med at totalt 700 tusen personar møtte opp langs løypene i løpet av Sykkel-VM-veka.  Siste helga var det åleine rundt 300 tusen personar som møtte opp. Tidemann Hansen viste også til eit brev frå UCI (det internasjonale sykkelforbundet) der presidenten kallar Sykkel-VM eit eineståande arrangement.

I innsamlingsaksjonen var det midt på dagen torsdag registret 16 tusen overføringar og om lag 3,2  millionar kroner i  innsamla midlar til Sykkel-VM. I media har det dei siste dagane kome fram at Sykkel-VM går mot eit kraftig underskot. Sykkel-presidenten kunne ikkje på pressekonferansen seia noko om kva han forventa ville verta det endelege økonomiske sluttresultatet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke