Blomvåg skule førebur seg til sykkel-VM

Elevar og lærarar ved Blomvåg skule gler seg til sykkel-VM og har vore aktive med ulike sykkel og sykkel relaterte aktivitetar i heile 2017.

Sykkelambassadørane Linn Andersen og Belinda Hellesund Tomic

No har dei tre sykkel ambassadørane Linn Andersen, Belinda Hellesund Tomic og Linda Blomvågnes laga sin eigen VM-vegg i vestibylen på skulen. Til skulestart i august skal det plasserast to ruller med sykkel i, ved VM-veggen slik at elevane kan «sykla seg til VM» i friminutt, gymtimar og i økter med fysisk aktivitet.

Dei har fått sykkel frå Kiwi Øygarden, som skal trekkjast ut som gevinst mellom dei elevane som syklar.
Etter kvart som me nærmar oss VM vil veggen/sykkel hjørnet verta utvida til heile Vestibylen.
Sykkelparkeringsplassen på skulen skal døypast til Peter Sagan plass med høgtidleg avduking rett etter skulestart i august.
Me vil nok få sjå fleire sykkel sprell frå denne gjengen fram mot september.