Byggjer sykkelparkeringshus på Straume

Arbeidet med å byggja parkeringshus for syklar på Straume er godt i gang. I løpet av nokre veker kan syklistane trygt parkera syklane i huset og ta bussen vidare.

Varaordførar Tom Georg Indrevik og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy ser fram til at parkeringshuset for sykkel er klar til bruk om nokre få veker.

Realiseringa av sykkelparkeringshuset er ein del av sykkelstrategien til Fjell kommune og ei oppfølging av budsjettvedtaket i desember. Huset er kostnadsrekna til 300 tusen kroner og gjev 40 parkeringsplassar for sykkel. Parkeringshuset er plassert like nord for helsehuset tett inn mot bussterminalen på Straume.

I realiteten er sykkelparkeringa gratis. Det vil likevel kosta eí krone for å nytta bankkortet når du skal få tilgang til parkeringshuset.

– No kan folk sykla til Straume og parkera sykkelen trygt og tørt før dei tek bussen vidare, sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og varaordførar Tom Georg Indrevik då dei denne veka markerte at arbeidet med sykkelparkeringshuset er godt i gang.  Dei viser elles til at det no skal startast opp arbeid med sykkel- og gangsti langs Bildøyvegen og seinare Foldnesvegen.

Rob Luke, til venstre, likar det nye tilbodet for syklistane på Straume,.

Rob Luke bur på Haganes og vil gjerne bruka sykkelen meir sjølv om han ikkje vert nokon storbrukar av parkeringshuset på Straume.

– Eg tykkjer det er flott at det vert bygt eit parkeringshus for syklar på Straume. For min del vil det nok vera mest praktisk at eg køyrer frå heimplassen min på Haganes til Fjell gard og syklar vidare derfrå til arbeidsplassen min på Ågotnes, seier Luke.

Luke kasta fram tanken om sykkelutleige for dei som ferdast i kystbyområdet.

– Det kan vi vurdera som eit neste steg. Det kan til dømes vera praktisk for folk å leiga sykkel dersom dei ønskjer å forflytta seg i kystbyområdet, seier Sandahl Bjorøy.

Tekst og foto: Vigleik Brekke