Category Archives: Aktuelt

Heile Øygarden syklar!

Oppfordringa frå før Sykkel-VM gjeld fortsatt, proklamerer desse tre spreke damene som utfordrar tilsette til å sykla til oppdrag kring i kommunen. Lat bilen stå og tenk at all aktivitet er nyttig for helsa!

Frå v. Bente Guntveit, Martha Landro og Christel Møvik-Olsen

Den kreative initiativtakaren, rådgjevar Martha Landro, fekk med seg kulturleiar Christel Møvik –  Olsen og folkehelsekoodinator Bente Guntveit på ideen.

Den raude sykkelen er ein god, gammaldags og hyggelig damesykkel medan den svarte sykkelen er el-sykkel som gjev god drahjelp til den som treng det.Martha Landro

Folkehelsa er i fokus når arven etter Sykkel-VM skal vidareførast. Så no er det berre for tilsette å booka sykkelen via Outlook – kalenderen og henta nøklar og syklar i Servicetorget på rådhuset på Rong.

Martha Landro

– Betre enn vi drøymde om

Det mangla ikkje godord då dei politiske leiarane i Hordaland, Bergen, Askøy, Sund, Fjell og Øygarden oppsummerte Sykkel-VM på ein pressekonferanse i dag.

Børge Haugetun og Tom Georg Indrevik representerte Øygarden og Fjell på pressekonferansen i dag.

– Det var eit einaste stort eventyr og folkefest. Vi har opplevd ei forbrødring mellom bergensar og stril vi kan leva lenge på. Dette vart betre enn vi drøymde om, og vi hadde høge forventningar, sa ordførar i Øygarden, Børge Haugetun.

Ordføraren viste til at berre i startområdet på Rong var det 2 500 personar på plass på laurdag og fire tusen på sundag. Han roste det dei frivillige har gjort i samband med Sykkel-VM.

Varaordførar i Fjell, Tom Georg Indrevik, viste mellom anna til filmen dei tre kommunane i vest, Sund, Fjell og Øygarden, har produsert i samband med Sykkel-VM og som skal brukast i promoteringa av Nye Øygarden kommune.

– Då filmen vart vist på storskjermen på fansona på Kolltveit i helga kom det frå ein av dei frammøtte som tydeleg berørt sa: – Tenk at det er vår heimplass dei viser! Han viste til at ein av positive effektane av Sykkel-VM er tiltaket Alle barn syklar.

– Eg er stolt av det innbyggjarane  har skapt i dette arrangementet, sa Indrevik.

Det var byrådsleiar Harald Schelderup som opna pressekonferansen. Han opplyste at det vert gjennomført ei felles evaluering der også dei kritiske spørsmåla skal stillast.  Fungerande fylkesordførar Pål Kårbø takka sykkelpresidenten for eit vel utført oppdrag. Han kjente sterkt på den begeistringa som oppsto under Sykkel-VM.

Opningsrittet var på Askøy den 16. september. Ordførar i Askøy, Terje Mathiassen, var også begeistra og viste til at om lag 10 000 personar møtte opp på startområdet på Ravnanger, Kleppestø og langs løypa heilt fram til Askøybrua.

Frå venstre; Børge Haugetun, Tom Georg Indrevik, Harald Schelderup, Harald Tiedemann Hansen, Pål Kårbø og Terje Mathiassen.

Skryt frå UCI-presidenten

Sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen delte ut mykje skryt til staben, alle frivillige og dei andre aktørane som deltok i sykkelfesten. Han er varsam med å vera for sikker på oppmøte, men reknar med at totalt 700 tusen personar møtte opp langs løypene i løpet av Sykkel-VM-veka.  Siste helga var det åleine rundt 300 tusen personar som møtte opp. Tidemann Hansen viste også til eit brev frå UCI (det internasjonale sykkelforbundet) der presidenten kallar Sykkel-VM eit eineståande arrangement.

I innsamlingsaksjonen var det midt på dagen torsdag registret 16 tusen overføringar og om lag 3,2  millionar kroner i  innsamla midlar til Sykkel-VM. I media har det dei siste dagane kome fram at Sykkel-VM går mot eit kraftig underskot. Sykkel-presidenten kunne ikkje på pressekonferansen seia noko om kva han forventa ville verta det endelege økonomiske sluttresultatet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Takkar alle som stilte opp

Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, takkar alle som stilte opp og gjorde Sykkel-VM til ein folkefest.

– Tusen takk til fjellsokningane som stilte opp og laga disse to dagane til den folkefesten vi ønskte det skulle vera, og tusen takk til alle frivillige som har gjort dette mogleg, seier Marianne Sandahl Bjorøy.

Ho takkar alle dei som sette opp gjerde, plukka boss, klippa gras, pynta med ballongar, syklar og blomar, heiste flagget og mykje anna.

– Vi har klart oppdraget saman og vist verda korleis ein skikkelig folkefest skal vera. Vel blåst alle saman! seier ordføraren.

Her kan du sjå takkeannonse i Vestnytt.

Les meir om sykkelfesten på desse sidene:

Mykje folk langs heile løypa, sjå fotogalleri og video

Det var mykje folk langs løypetraséen på hovudrittet på sundag. Nedanfor kan du sjå bilete frå Ågotnes, Knappskog og Kolltveit.

Frå arrangementsområdet på Ågotnes.

Halvor Skurtveit, som fotograferte frå folkefesten på Ågotnes, seier at det gjerne var over tusen menneske samla på fansona langs løypa og på arrangementsområdet ved Tranevågen ungdomsskule.

På Kolltveit var det mellom fem hundre og tusen personar samla inklusive MOT- og speidarleiren like nord for fansona. Langs løypa elles var det folk å sjå «over alt».

På Ågotnes var det underhaldning på arrangementsområdet frå klokka ni i dag med Kenneth Bruvik som konferansier. Det var innslag ved Martin Engelsen, elevar og mellom anna Anna og Vilde. Då ryttarane nærma seg litt over klokka 10, gjekk folk bort til fansona i Ågotnes sentrum. Ifølgje Skurtveit hadde folk kledd seg for folkefest og var i feststemning.

Foto: Halvor Skurtveit (Ågotnes), Kjell Andersland (Knappskog/Kolltveit) og Arild Halvorsen (Kolltveit)

Fotogalleri Ågotnes

 

Fotogalleri og video Knappskog

 

Fotogalleri Kolltveit