Category Archives: Fjell

– Betre enn vi drøymde om

Det mangla ikkje godord då dei politiske leiarane i Hordaland, Bergen, Askøy, Sund, Fjell og Øygarden oppsummerte Sykkel-VM på ein pressekonferanse i dag.

Børge Haugetun og Tom Georg Indrevik representerte Øygarden og Fjell på pressekonferansen i dag.

– Det var eit einaste stort eventyr og folkefest. Vi har opplevd ei forbrødring mellom bergensar og stril vi kan leva lenge på. Dette vart betre enn vi drøymde om, og vi hadde høge forventningar, sa ordførar i Øygarden, Børge Haugetun.

Ordføraren viste til at berre i startområdet på Rong var det 2 500 personar på plass på laurdag og fire tusen på sundag. Han roste det dei frivillige har gjort i samband med Sykkel-VM.

Varaordførar i Fjell, Tom Georg Indrevik, viste mellom anna til filmen dei tre kommunane i vest, Sund, Fjell og Øygarden, har produsert i samband med Sykkel-VM og som skal brukast i promoteringa av Nye Øygarden kommune.

– Då filmen vart vist på storskjermen på fansona på Kolltveit i helga kom det frå ein av dei frammøtte som tydeleg berørt sa: – Tenk at det er vår heimplass dei viser! Han viste til at ein av positive effektane av Sykkel-VM er tiltaket Alle barn syklar.

– Eg er stolt av det innbyggjarane  har skapt i dette arrangementet, sa Indrevik.

Det var byrådsleiar Harald Schelderup som opna pressekonferansen. Han opplyste at det vert gjennomført ei felles evaluering der også dei kritiske spørsmåla skal stillast.  Fungerande fylkesordførar Pål Kårbø takka sykkelpresidenten for eit vel utført oppdrag. Han kjente sterkt på den begeistringa som oppsto under Sykkel-VM.

Opningsrittet var på Askøy den 16. september. Ordførar i Askøy, Terje Mathiassen, var også begeistra og viste til at om lag 10 000 personar møtte opp på startområdet på Ravnanger, Kleppestø og langs løypa heilt fram til Askøybrua.

Frå venstre; Børge Haugetun, Tom Georg Indrevik, Harald Schelderup, Harald Tiedemann Hansen, Pål Kårbø og Terje Mathiassen.

Skryt frå UCI-presidenten

Sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen delte ut mykje skryt til staben, alle frivillige og dei andre aktørane som deltok i sykkelfesten. Han er varsam med å vera for sikker på oppmøte, men reknar med at totalt 700 tusen personar møtte opp langs løypene i løpet av Sykkel-VM-veka.  Siste helga var det åleine rundt 300 tusen personar som møtte opp. Tidemann Hansen viste også til eit brev frå UCI (det internasjonale sykkelforbundet) der presidenten kallar Sykkel-VM eit eineståande arrangement.

I innsamlingsaksjonen var det midt på dagen torsdag registret 16 tusen overføringar og om lag 3,2  millionar kroner i  innsamla midlar til Sykkel-VM. I media har det dei siste dagane kome fram at Sykkel-VM går mot eit kraftig underskot. Sykkel-presidenten kunne ikkje på pressekonferansen seia noko om kva han forventa ville verta det endelege økonomiske sluttresultatet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Takkar alle som stilte opp

Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, takkar alle som stilte opp og gjorde Sykkel-VM til ein folkefest.

– Tusen takk til fjellsokningane som stilte opp og laga disse to dagane til den folkefesten vi ønskte det skulle vera, og tusen takk til alle frivillige som har gjort dette mogleg, seier Marianne Sandahl Bjorøy.

Ho takkar alle dei som sette opp gjerde, plukka boss, klippa gras, pynta med ballongar, syklar og blomar, heiste flagget og mykje anna.

– Vi har klart oppdraget saman og vist verda korleis ein skikkelig folkefest skal vera. Vel blåst alle saman! seier ordføraren.

Her kan du sjå takkeannonse i Vestnytt.

Les meir om sykkelfesten på desse sidene:

Mykje folk langs heile løypa, sjå fotogalleri og video

Det var mykje folk langs løypetraséen på hovudrittet på sundag. Nedanfor kan du sjå bilete frå Ågotnes, Knappskog og Kolltveit.

Frå arrangementsområdet på Ågotnes.

Halvor Skurtveit, som fotograferte frå folkefesten på Ågotnes, seier at det gjerne var over tusen menneske samla på fansona langs løypa og på arrangementsområdet ved Tranevågen ungdomsskule.

På Kolltveit var det mellom fem hundre og tusen personar samla inklusive MOT- og speidarleiren like nord for fansona. Langs løypa elles var det folk å sjå «over alt».

På Ågotnes var det underhaldning på arrangementsområdet frå klokka ni i dag med Kenneth Bruvik som konferansier. Det var innslag ved Martin Engelsen, elevar og mellom anna Anna og Vilde. Då ryttarane nærma seg litt over klokka 10, gjekk folk bort til fansona i Ågotnes sentrum. Ifølgje Skurtveit hadde folk kledd seg for folkefest og var i feststemning.

Foto: Halvor Skurtveit (Ågotnes), Kjell Andersland (Knappskog/Kolltveit) og Arild Halvorsen (Kolltveit)

Fotogalleri Ågotnes

 

Fotogalleri og video Knappskog

 

Fotogalleri Kolltveit

 

 

Det vart ny verdsrekord i kledde vikingar

Det var ikkje så reint lite spenning om ein makta å setja ny verdsrekord i kledde vikingar
på Straume i dag. Den førebelse oppteljinga viser at 265 personar hadde kledd seg i vikingdrakt i området like sør for Sartorparken.

Det var stor oppslutnad om verdsrekordforsøket.

Kultursjefen må tatovera seg

Kultursjef Lennar Fjell hadde kanskje nokre blanda kjensler etter at teljinga var fullført. Han har nemleg lova å tatovera seg dersom det vart sett ny verdsrekord og dermed omtale i Guinness rekordbok på minst 250 utkledde vikingar. No kjem han ikkje unna å halda lovnaden sin.

Litt dramatisering vart det også tid til. Ein kar vart teken på fersk gjerning for å ha stole eit saueskinn. Spørsmålet var om han måtte lata livet for dette. Det enda med at nåde gjekk for rett og tjuven slapp og lata livet etter at «folket» fekk gje den endelege domen.

– Det vert kanskje ei tatovering i hårfestet med ei bumerke. Eg må seia at dette resultatet er over all forventing. I det heile har det vore ein ufatteleg stor støtte frå dei dei frivillige i arbeidet med Sykkel-VM. Det same gjeld dei i administrasjonen som har delteke i A-team, og framfor alt takkar eg alle som møtte opp som publikum og deltok på forskjellig vis, seier ein takknemleg kultursjef som har hadde det lokale administrative leiaransvaret for Sykkel-VM.

Tjuven slapp å lata livet for ugjeringa si.

Ordføraren takkar alle som stilte opp

– Tusen takk til fjellsokningane som stilte opp og laga disse to dagane til den folkefesten vi ønskte det skulle vera, og tusen takk til alle frivillige som har gjort dette mogleg, seier Marianne Sandahl Bjorøy.

Ho takkar alle dei som sette opp gjerde, plukka boss, klippa gras, pynta med ballongar, syklar og blomar og heiste flagget.

– Vi har klart oppdraget saman og vist verda korleis ein skikkelig folkefest skal vera. Vel blåst alle saman! seier ordføraren.

Fellesgudsteneste

På Straume var det også fellesgudsteneste i regi av Den norske kyrkja i Fjell,Tremorkirken, IMF Straume, Pinsemenigheten Saron, Kristent fellesskap Sotra. Sjå fotogalleri nedanfor.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland og Halvor Skurtveit

Fotogalleri

Her er fleire bilete frå verdsrekordførsøket og vikingsmarknaden

Fotogalleri fellesgudsteneste

 

Skjerping heldt ord; han var først på Straume

Sundag føremiddag hadde nok Kristoffer Skjerping ei av sine største opplevingar. Fem-seks tusen personar tok imot og hylla ryttaren frå Sekkingstad då han leia hovudfeltet i fellesrittet i Sykkel-VM for seniorar rundt Sartor Storsenter.

Kristoffer Skjerping gjorde som han lova. Han var først i hovudfeltet gjennom Straume sentrum.

Rett nok var det nokre ryttarar som låg framfor i eit rykk, men Kristoffer kunne glisa og bukka, som TV2-reportarane sa, då han passerte den store folkemengda.

I dag var det kanskje dobbelt så mange langs løypetraséen som i går. Det var fullt av folk ved startområdet på Rong i Øygarden og ved heiasonene lengre sør i kommunen. I Fjell var minst tusen personar smala langs løypa i Ågotnes-området og opp mot det same på Kolltveit. Langs løypa sørover var det i grunnen folk å sjå heile vegen. På Straume var det kanskje fem – seks tusen. Dermed var nok åtte – ti tusen personar langs løypetraséen i Fjell på den store finaledagen.

Skjerping og Hushovd markerte seg

Konferansier Kjellemann piska opp stemninga då ryttarane nærma seg Straume.

– Her kjem politiet, gje dei applaus, sa Kjellemann og fekk full respons på oppmodinga. Men mest respons fekk han då Kristoffer Skjerping skulle hyllast. Og det var elektrisk stemning då Kristoffer var i front på det store hovudfeltet på Straume. Han bukka og takka publikum høfleg då han passerte det elleville publikummet.

Thor Hushovd handhelsa på mange i dag.

Og om ikkje dette var nok, dukka den tidlegare meritterte syklisten Thor Hushovd opp i dag som i går. Det vart ein spasertur han hugsar lenge då han vandra til vill jubel i løypetraséen og vart intervjua av Kjellemann.

– Dette er heilt fantastisk. Det er svært rørande og smigrande å oppleva dette, sa Hushovd. Det var nok litt spesielt for passasjerane i eit hundretals følgjebilar og motorsyklistar som følgde etter ryttarane. Både sjåførar og passasjerar filma og tok bilete av den store folkemassen langs løypa.

– Dette var ein draum

Etter at Kristoffer Skjerping hadde gjort jobben sin for laget, kunne han nyta det faktum at han vore med på noko stort.

– Det kjennest ut som ein draum, og det var over alle forventningar. Det var heilt fantastisk å sykla ute på strilalandet med så mange ivrige strilar. Eg er så takksam for at eg fekk vera med på dette eventyret. Dette er utan tvil noko eg kjem til å hugsa til eg går i grava, seier Kristoffer Skjerping.

Vinnar av fellesrittet for menn vart slovakiske Peter Sagan, nokre få desimeter framfor norske Alexander Kristoff.

Dei som selde varer og mat på Sotraplassen og området omkring så ut til å gjera det bra.

– Den første dagen laga vi 20 liter med masse for å dekkja behovet for sveler, opplyste medarbeidarar i Basecamp. I dag var salet langt større.

Øygarden fekk besøk av statsminister Erna Solberg. Her er fleire bilete frå Øygarden.

Kultursjefen må tatovera seg

Kultursjef Lennar Fjell har lova å tatovera seg dersom det vart sett ny verdsrekord og dermed omtale i Guinness rekordbok på minst 250 utkledde vikingar. Førebels teljing viser 265 utkledde vikingar.  Les eigen artikkel om dette.

Vi kjem tilbake med fleire bilete frå andre stader langs løypa.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Martin Eilertsen og Monica Hovland

Martin Eilertsen var også i sentrum og fekk med seg bilete frå den siste delen av løpet. På det første biletet ser du mellom anna Kristoffer Skjerping då han passerer over Puddefjordsbroen. Sjå nedanfor.

Fotogalleri Straume

Galleri Bergen sentrum