Category Archives: Fjell

Lokale Sykkel-VM-songar

I dag (23. mars) er det nøyaktig seks månader til det første rittet i Sykkel-VM i regionen vår. Lokalt er det produsert fleire lokale Sykkel-VM-songar.

350 barn er med i musikkvideoen. Klikk på biletet for å sjå videoen.

Den første lokale Sykkel-VM-songen vi presenterer er Helge Andreas Pareli Notland som saman med koristar frå Fjell kulturskulekor har laga songen «Let´s go for a ride». Som artist går han under namnet Andreas Pareli.

– Eg ønskjer at musikk og kultur skal vera til inspirasjon for barn og unge. Om lag 350 elevar frå fem skular har delteke i innspelinga. I musikkvideoen er det opptak frå Turøyvarden, Turøy bru, Fjell festning, Konglo på Sartor Storsenter og bølgekraftverket i Øygarden, seier Andreas Pareli.

Det er laga ein musikkvideo der elevar frå Landro, Misje, Brattholmen, Tellnes og Ulveset deltek.

– Songen handlar om sykling, leik og glede, men på eit djupare plan handlar han faktisk om livsreiser, om at alle er unike og at vi må læra å leva saman på ein fredelig og god måte dersom vi skal møta framtida på ein god måte. Eg opplever det slik at musikk er eit «verdspråk» som kommuniserer bodskapen på ein god måte, seier Pareli.

– Burde ikkje songen vore skriven på norsk?

– Denne songen har ein engelsk tekst ettersom Sykkel-VM er eit internasjonalt meisterskap. Dermed kan songen nå vidt. 90 prosent av dei som har lytta på songen kjem frå utlandet, seier Pareli. Songen er lagt ut på Spotify og Youtube. Her kan du lesa teksten til songen.

Her kan du lytta til songen:


Om kort tid vert det presentasjon av lokale Sykkel-VM-songar av Martin Engelsen og Geir Barsnes saman med elevar.

Her kan du sjå musikkvideo av «Let´s go for a ride«.


Bilete frå musikkvideoen, Turøybrua


Turøyvarden

Tekst: Vigleik Brekke

 

Sundagsope under Sykkel-VM

Fylkesmannen har innvilga dispensasjon frå helligdagslova slik at forretningar i Bergen, Askøy, Fjell og Øygarden kan halda ope på sundagar under Sykkel-VM i perioden 16. – 24. september.

Fylkesmannen godkjenner sundagsopne forretningar under Sykkel-VM.

Det er kome inn fire søknader om dispensasjon frå kommunar og butikksenter. Hovudregelen er at utsalsstader skal vera stengde på helgedagar, men at det kan gjevast dispensasjon frå dette påbodet  når det ligg føre «særlege grunnar».

Handel og Kontor har uttalt at det ikkje bør gjevast dispensasjon, medan Bjørgvin bispedøme meiner at dette er ei særskild hending som kvalifiserer for å gje dispensasjon.

Fylkesmannen vurderer det slik at Sykkel-VM er eitt av dei største idrettsarrangementa i verda og at det vert ein folkefest som femnar om heile regionen. Han er ikkje redd for at ein dispensasjon vil gje presedens ettersom arrangementet er unikt.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland

– Vi tek gjerne utfordringa frå Askøy og Os

I midten av april startar ein aldri så liten kommunekamp mellom Askøy, Os og Fjell. Dei tre kommunane er medlemer i Bedriftsidretten i Hordaland, og mellom den 19. april og den 17. juni handlar det for dei tilsette i kommunane om å registrera all sykling og annan aktivitét i kampanjen «Sykle til jobben».

Sykle til jobben i Fjell kommune.

Her finn du meir informasjon om sykle til jobben.

Lokal nettside for Sykkel-VM

Onsdag føremiddag kunne ordførarane i Sund, Fjell og Øygarden skjera solide stykke av den lokale Sykkel-VM-kaka. Dei tre kommunane i regionen presenterte den felles nettsida Sykkel i Vest, Facebookside og Instragram.

Frå venstre; Børge Haugetun (ordførar i Øygarden), Kari-Anne Landro (ordførar i Sund) og Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar i Fjell).

– Vi ønskjer at denne sida ikkje berre skal vera ei lokal Sykkel-VM-side, men ei nettside som synleggjer arven etter at Sykkel-VM er over. Målet er å fremja sykkelbruk, seier den lokale sykkelsjefen i Fjell, kultursjef Lennart Fjell.

Her kan du lesa heile saka.