Category Archives: Øygarden

Kristoffer Skjerping og Team Joker Icopal best av dei norske

Laget til Kristoffer Skjerping hamna på ein 13. plass på lagtempo for menn under Sykkel-VM i dag. Konkurransen var hard, og Team Joker Icopal var best av dei fire norske laga den første konkurransedagen. Team Sunweb vann lagtempoen både for kvinner og menn.

Team Joker Icopal i Bjørgeveien i Loddefjord like etter Bjørndalsskiftet. Kristoffer Skjerping er her bakerst på laget.

Askøy og Bergen bada i sol og varme, og løypetraséen var omkransa av tusenvis personar både langs løypa på Askøy og i Bergen. Etter at kvinnene starta gildet med start klokka 12 på Ravnanger, var det klart for mennene og Kristoffer Skjerping sin debut i ein seniorverdsmeisterskap.

– Det var enormt med inntrykk, og eg er litt utlada no etter rittet. Med så mykje folk og mange vener som såg på, må eg vedgå at eg hadde høg puls ein del nervar då eg stod på startstreken. Som lag samarbeidde vi godt, og eg trur me makta å få ut det me er gode for, seier Skjerping.

Les meir om rittet på nettsida til Bergen 2017.

Svært mykje folk langs løypa

Det var så mykje folk langs løypa at Skjerping samanliknar dette med det store rittet Flandern rundt når det gjeld publikumsoppslutnad.

– Det er ikkje så lett å registrera kor mykje folk det er langs løypa når det går fort, men opp den tunge Birkelundsbakken, merka vi at det var enormt med folk. Det var som asfalten rista, seier Kristoffer Skjerping.

Team Joker Icopal

No skal syklisten frå Sekkingstad i Fjell ta det med ro med relativt lett trening fram til han møter landslaget onsdag kveld og følgjer opplegget deira fram til fellesrittet sundag 24. september.

Fjordabåten «Vestgar» var fullt med 100 entusiastiske støttespelarar til Kristoffer Skjerping. Dei fekk med seg folkefesten på Kleppestø då ryttarane passerte der i firetida. Nokre få minutt etter at Team Joker Icopal hadde passert, var båten med passasjerane i full fart  inn mot Vågen i Bergen for å få med seg innspurten på Festpassen.

Ordførar i Øygarden, Børge Haugetun og Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy møtte Kristoffer Skjerping etter målgang (foto: privat)

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Martin Eilertsen

Her er foto av nokre av dei andre laga (alle foto: Martin Eilertsen)

Team Fixit

 

Team CCC Polkowice

 

Team Astana

 

Team Lotto

 

Team Katusha

 

Team Bora

 

Team Moviestar

 

Team Sunweb

 

Team Sky

 

Team Quick Step

 

 

 

 

 

 

 

No er sykkelfesten i gang

Laurdag ettermiddag var fleire tusen menneske på plass i nydeleg seinsommarvér på Torgalmenningen for å få med seg opningsseremonien for Sykkel-VM.

Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl, og øygardsordførar Børge Haugetun var begeistra då Fargespill avslutta eit forrykande opningsshow laurdag ettermiddag.

Mellom dei mange feststemte var ordførartrioen i vest på plass ved Børge Haugetun (Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Kari-Anne Landro (Sund).

– Eg er eigentleg audmjuk i dag. Eg tenkjer på at ordførar Otto Harkestad, som døde i desember 2014, var ein av forkjemparane heilt frå starten av for å få Sykkel-VM til Bergen og regionen. Eg er glad for at nokon har gått framfor, seier Børge Haugetun som ser fram til at Rong og Øygarden er startplassen for ritta dei to siste dagane i meisterskapen, 23. og 24. september.

Ifølgje BT var det rundt sju tusen menneske samla på Torgalmenningen i ettermiddag. Mange gjester var inviterte, og nesten alle var der.

Vi har noko å gle oss til

Kulturminister Linda Hofstad Helleland var blant dei som helsa til folket.

– Dette er eit folkeleg, tilgjengeleg og spektakulært arrangement. Det er ein rekordstor tropp frå Noreg. Sykkelsporten har verkeleg sett sitt preg på landet vårt. Med tusen kilometer på sykkel har vi noko å gle oss til, sa kulturministeren.

UCI-president Brian Cookson stod for den offisielle opninga av Sykkel-VM.

Det var nok UCI-president Brian Cookson som var tydelegast på at dette var eit arrangement med både Bergen, Askøy, Øygarden og Fjell som arrangørar. Han var trygg på at dette arrangementet vil verta ein suksess.

Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy legg ikkje skjul på at ho er spent på korleis dette vil gå når også Øygarden og Fjell etter kvart vert involverte i arrangementet.

– Eg håpar på same vér som i dag. Då får vi verkeleg ein sykkelfest. Eg opplever at folk stiller opp, og difor kan eg seia at vi er klare for Sykkel-VM, seier Sandahl Bjorøy som tenkjer på kor vakkert det vert når ryttarane syklar over til dømes Rongesundbrua.

Sjølv om ikkje løypetraséen går gjennom Sund, er nabokommunen i sør med på sykkelfesten. Dei tre ordførarane var samla på Torgalmenningen, og ordførar Kari-Anne Landro registrerer både fleire proffsyklistar og mosjonistar på vegane.

– Tre profflag bur på Panorama Hotell & Resort. Vi ser også at det er mange som syklar «rundt Sund», og generelt er nok folk meir sykkelengasjerte enn før. Her i dag har vi ei perfekt ramme, seier Sund-ordføraren som minner om at det ligg mange tusen timar arbeid bak eit stort arrangement som dette.

Tidlegare verdsmeister på sykkel,Thor Hushovd, møtte dei lokale ordførarane. Frå venstre; Terje Mathiassen (Askøy), Børge Haugetun (Øygarden), Hushovd, Kari-Anne Landro (Sund) og Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell).

Bergensordførar Marte Mjøs Persen viste også i sin tale til at det to tusen frivillige som stiller opp. Det var stor breidde i dei musikalske innslaga på opningsseremonien. Med Nystemten, Grieg, Bull og artistar som Lars Vaular, Ni grader nord og Fargespill måtte det verta ein god start på Sykkel-VM, og det vart det.

Og i morgon (17. september) er det klart for lagtempo kvinner elite  klokka 12.05 og lagtempo menn elite klokka 15.35 med start på Ravnanger på Askøy. Joker Icopal stiller med sekkinstadguten Kristoffer Skjerping på laget. Joker Icopal startar kl. 15.52.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Martin Eilertsen

Her er fleire bilete frå opningsseremonien:

I midten; bergensordførar Marte Mjøs Persen.

 

 

 

 

Stengjer luftrommet over og rundt Bergen

I samband med Sykkel-VM vert store delar av luftrommet over og rundt Bergen vera stengt i perioden 15. til 24. september.

Dette innebér mellom anna at det strengt forbode  med dronar/ubemanna flygande farkostar i Bergen, Askøy, Fjell og Øygarden kommunar.

Luftfartstilsynet gjer merksam på at Sykkel-VM vil få stor mediedekninga. Link-fly vil operera i området og sørgja for direkteoverføring og filming. For å ta i vare tryggleiken i lufta og bakken, er det innført eit generelt flyforbod i tre sonar for all aktivitet som ikkje er ein del av arrangementet fram til og med 24. september.

Les meir på nettsida til Luftfartstilsynet og Lovdata.

Tekst: Vigleik Brekke

 

Kristoffer Skjerping syklar fellesrittet den 24. september

I dag melde Norges Cykleforbund at Kristoffer Skjerping får plass på det norske laget på fellesrittet for menn i Sykkel-VM sundag den 24. september. Dermed får syklisten frå Sekkingstad visa seg fram for heimepublikum den siste dagen under Sykkel-VM.

Kristoffer Skjerping skal representera Noreg under fellesrittet den 24. september.

Kristoffer Skjerping erstattar Svein Erik Bystrøm som siste helg måtte trekkja seg frå laget.

– Skjerping kjem inn som reserve for Bystrøm etter ein god haustsesong. Han har levert toppresultat som stadfestar at han er i form. Skjerping er ein ryttar med ein ekstra dimensjon og som alltid gjev hundre prosent uansett oppgåve, seier landslagssjef Stig Kristiansen til nettsida til Norges Cykleforbund.

Skjerping skal dermed saman med profilane Edvald Boasson Hagen og Alexander Kristoff representera Norge på det siste rittet i Sykkel-VM.

– Dette betyr mykje

For Kristoffer Skjerping er meldinga om at han kom på laget noko av det største han har opplevd som syklist.

– Det betyr utruleg mykje. Det er ein draum eg har jobba for i mange år. Det vart ein litt turbulent veg inn på laget, men eg er klar for å gje alt på heimebane. Eg er tatt ut som hjelperyttar, og oppgåva mi er å gjera alt det eg får beskjed om. Eg skal henta flasker, gå brot og henta brot, seier Kristoffer Skjerping.

I informasjonshefte, som er distribuert til alle husstandane i Sund, Fjell og Øygarden, seier Skjerping at han lovar rykk i Øygarden eller Fjell om han kjem på laget.

Etter at ryttarane har sykla gjennom Øygarden og Fjell, er det klart for ti tøffe rundar i Bergen sentrum. Det vil krevja sin mann å sykla ti rundar i ei løype med utfordringar heile tida.

– Det er ei fin løype. Det er vel ei typisk VM-løype, og ho vert ekstra krevjande dersom det vert regn og dermed glatt vegbane, seier Kristoffer Skjerping.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland

 

Informasjonsblad til alle innbyggjarane

Den 11. september skal det etter planen liggja eit informasjonsblad om Sykkel-VM i alle postkassane til husstandane i Sund, Fjell og Øygarden.

I dette bladet kan du lesa det meste om Sykkel-VM, særleg det som er viktig å vita for deg som bur i dei tre kommunane her vest.

I bladet vil du finna informasjon om Sykkel-VM dag for dag, trafikkavvikling, stengde vegar, alt som skjer i arrangementssonene i Øygarden og Fjell. Du kan også lesa intervju med den lokale syklisten Kristoffer Skjerping og andre lokale sykkelhåp.

– Det vert ikkje nokon sykkelfest utan folk. Vi inviterer deg til å vera med på sykkelfesten, seier dei tre ordførarane i velkomsthelsinga i informasjonsbladet.

Her kan du lesa bladet.