Category Archives: Sund

– Betre enn vi drøymde om

Det mangla ikkje godord då dei politiske leiarane i Hordaland, Bergen, Askøy, Sund, Fjell og Øygarden oppsummerte Sykkel-VM på ein pressekonferanse i dag.

Børge Haugetun og Tom Georg Indrevik representerte Øygarden og Fjell på pressekonferansen i dag.

– Det var eit einaste stort eventyr og folkefest. Vi har opplevd ei forbrødring mellom bergensar og stril vi kan leva lenge på. Dette vart betre enn vi drøymde om, og vi hadde høge forventningar, sa ordførar i Øygarden, Børge Haugetun.

Ordføraren viste til at berre i startområdet på Rong var det 2 500 personar på plass på laurdag og fire tusen på sundag. Han roste det dei frivillige har gjort i samband med Sykkel-VM.

Varaordførar i Fjell, Tom Georg Indrevik, viste mellom anna til filmen dei tre kommunane i vest, Sund, Fjell og Øygarden, har produsert i samband med Sykkel-VM og som skal brukast i promoteringa av Nye Øygarden kommune.

– Då filmen vart vist på storskjermen på fansona på Kolltveit i helga kom det frå ein av dei frammøtte som tydeleg berørt sa: – Tenk at det er vår heimplass dei viser! Han viste til at ein av positive effektane av Sykkel-VM er tiltaket Alle barn syklar.

– Eg er stolt av det innbyggjarane  har skapt i dette arrangementet, sa Indrevik.

Det var byrådsleiar Harald Schelderup som opna pressekonferansen. Han opplyste at det vert gjennomført ei felles evaluering der også dei kritiske spørsmåla skal stillast.  Fungerande fylkesordførar Pål Kårbø takka sykkelpresidenten for eit vel utført oppdrag. Han kjente sterkt på den begeistringa som oppsto under Sykkel-VM.

Opningsrittet var på Askøy den 16. september. Ordførar i Askøy, Terje Mathiassen, var også begeistra og viste til at om lag 10 000 personar møtte opp på startområdet på Ravnanger, Kleppestø og langs løypa heilt fram til Askøybrua.

Frå venstre; Børge Haugetun, Tom Georg Indrevik, Harald Schelderup, Harald Tiedemann Hansen, Pål Kårbø og Terje Mathiassen.

Skryt frå UCI-presidenten

Sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen delte ut mykje skryt til staben, alle frivillige og dei andre aktørane som deltok i sykkelfesten. Han er varsam med å vera for sikker på oppmøte, men reknar med at totalt 700 tusen personar møtte opp langs løypene i løpet av Sykkel-VM-veka.  Siste helga var det åleine rundt 300 tusen personar som møtte opp. Tidemann Hansen viste også til eit brev frå UCI (det internasjonale sykkelforbundet) der presidenten kallar Sykkel-VM eit eineståande arrangement.

I innsamlingsaksjonen var det midt på dagen torsdag registret 16 tusen overføringar og om lag 3,2  millionar kroner i  innsamla midlar til Sykkel-VM. I media har det dei siste dagane kome fram at Sykkel-VM går mot eit kraftig underskot. Sykkel-presidenten kunne ikkje på pressekonferansen seia noko om kva han forventa ville verta det endelege økonomiske sluttresultatet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Video på TV hyllar regionen

I samband med Sykkel-VM er det lansert ein video som viser det unike med region vest. Videoen på tre minutt er vist på VM-sendinga på TV2 laurdag og vert også vist på TV under fellesrittet for menn på sundag.

Det er Robin Dale Oen som er forteljaren i videoen. Han fortel om at han vaks opp her med  kystkultur, ein unik natur og menneske med tru på framtida.

Sjå videoen her.

Vi inviterer til fest!

Ordførarane i Sund, Fjell og Øygarden ser med stor forventning fram til at Sotra og Øygarden vert ein del av den store sykkelfesten.

Dei tre ordførarane i regionen, Kari-Anne Landro (ordførar i Sund), Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar i Fjell) og Børge Haugetun (ordførar i Øygarden), ønskjer deg velkomen til sykkelfest.

I to år har særleg Øygarden og Fjell arbeidd med å planleggja for at verdas beste syklistar kjem til regionen vår. Ritta dei to siste dagane i Sykkel-VM startar på Rong i Øygarden før ferda går vidare gjennom Fjell og målgang i Bergen. Fellesrittet for juniorane startar på Rong laurdag klokka 09.30, medan fellesrittet for menn senior har starttid klokka 10.05 på sundag.

– Askøy og Bergen har begge levert ein skikkelig folkefest, eg er sikker på at også innbyggjarane i Sund, Fjell og Øygarden finn vegen fram til løypetraséen og arrangementssonene for å skapa ei stemning og ein folkefest vi vil hugsa lenge, seier ordførar i Øygarden, Børge Haugetun.

Trygg på at det vert godt og tenleg vér

Det er ikkje fritt for at ordføraren denne veka titt og ofte har kasta blikket på yr.no. Det er ingen tvil om at godt vér skapar ei ekstra flott ramme for eit utearrangement som dette.

– Utsiktene er gode. Alt no vågar eg å seia at me får godt og tenleg vér laurdag og sundag, seier ein optimistisk Børge Haugetun.

Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy er også optimistisk. Kommunane har førebudd seg godt på denne storhendinga der minst 300 millionar TV-sjåarar skal få sjå noko av det beste av norsk natur og eit entusiastisk publikum.

– Vi inviterer til fest på laurdag og sundag. Sjølv om du til vanleg ikkje er spesielt interessert i sykkelsport, nytt sjansen til å få med denne historiske hendinga! Vi skal ikkje møta opp berre for å gje regionen god reklame, men rett og slett fordi det er ei stor oppleving å få heia fram verdas beste syklistar, seier Marianne Sandahl Bjorøy.

Heis flagget!

Det er ikkje kvar dag at det er verdsmeisterskap i regionen vår. Difor har Fjell-ordføraren ei klar oppfordring.

– La oss heisa flagget og ta flagg med oss når vi heiar ryttarane fram på laurdag og sundag, seier Sandahl Bjorøy.

Sjølv om ikkje løypetraséen går gjennom Sund, er nabokommunen i sør ein del av regionen og sykkelfesten.

– Eg oppmodar også sundsokningane til å ta del i dette. Det er lagt til rette for at folk kan koma seg fram til arrangementssonene og løypetraséen med buss. Det vert ikkje nokon sykkelfest utan folk. Vi inviterer deg til å vera med på sykkelfesten, seier Kari-Anne Landro.

Alle ordførarane oppmodar folk til å reisa kollektivt. Det er sett opp ekstra bussruter til og frå fansonene. På sundag går det også båtrute t/r Ågotnes-Bergen.

– Har du høve til det, la gjerne bilen stå heime, seier dei.

Hugs at hovudvegen mellom Rong og Sotrabrua er stengt frå klokka 08.45 på laurdag og frå klokka 09.15 på sundag (inntil tre timar).

Les om at Øygarden og Fjell er klar efor sykkelfest.

Her er informasjon om ekstra buss- og båtruter.

Her kan du lesa om endra trafikkmønster.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Ingunn Teigen