Category Archives: Ymse

Planlegg for Sykkel-VM

Sykkel-VM er i full gang, og laurdag og sundag går dei to siste ritta med start frå Rong før ryttarane syklar gjennom Fjell før målgang i Bergen.

Det vert sett opp ekstra bussruter i samband med Sykkel-VM

Dette får konsekvensar for trafikkavviklinga for heile regionen. Merk deg dette:

  • Laurdag den 23. september vert hovudvegen mellom Rong og Sotrabrua stengt frå klokka 08.45 inntil tre timar.
  • Sundag den 24. september vert hovudvegen stengt frå klokka 09.15 og inntil tre timar.
  • Merk også at i dette tidsrommet er det ikkje lov å køyra inn på Vestsidevegen og Bildøyvegen (Fjell).

Vi oppmodar folk til å la bilen stå og nytta kollektivtransport, sykla eller å gå desse dagane. Skyss har sett opp ekstra bussruter.

I regi av Fjell og Øygarden kommune er det sett opp bussruter til arrangementssonene laurdag og sundag. Sundag går det båtrute mellom Ågotnes og Bergen (første rute frå Ågotnes kl. 14.00).

Les meir på nettsida www.sykkelivest.no

 

 

I dag var det Børge sin tur

Ordførar Børge Haugetun fekk oppdraget med å overrekkja blomar til medaljevinnarane av temporittet for junior i Sykkel-VM i dag. I går var det Fjell-ordførar Marianne Sandal Bjorøy som delte ut blomar til vinnarane.

Børge Haugetun overrekkjer blomar til vinnaren Thomas Pidcock..

Mange hadde håp om at den norske deltakaren frå Tromsø, Andreas Leknessund, skulle ta medalje, og kanskje gull, i dag. Han leia også på toppen av Birklundstoppen i det 21,1 kilometer lange rittet. Han enda på åttande plass etter at det vart litt tungt mot slutten. Britiske Thomas Pidcock vann rittet.

Det er høgtid når det vert invitert til medaljeseremoni på Torgalmenningen.

– I dag var eg med på noko som er større enn meg sjølv. Eg fekk utføra eit ærefullt oppdrag, seier Børge Haugetun etter å ha delt ut blomar til medaljevinnarane.

Haugetun er glad for at arrangørane har teke med ordførarane frå alle arrangørkommunane til å vera med på eit slikt oppdrag.

– Dette viser at vi står saman om arrangementet. Så langt har Sykkel-VM levert så til dei grader. Askøy starta på ein svært god måte på sundag. Vi er klare for å følgja opp, og vi ser fram til helga, seier Børge Haugetun.

Her er fleire bilete frå medaljeseremonien:

 

 

Overrekte blomar til medaljevinnarane

Måndag kveld overrekte Fjell-ordførar blomar til vinnaren av U23 temporitt, Mikkel Bjerg.

Marianne Sandahl Bjorøy overrekte blomar til vinnaren, Mikkel Bjerg.

Dansken vann med solid margin framfor sølvvinnar Brandon McNulty frå USA og Corentin Ermenault frå Frankrike som tok bronse. Iver Knotten og Tobias Foss frå Noreg hamna på 17. og 27. plass i temporittet.

I samband med det offisielle oppdraget til Marianne Sandahl Bjorøy i dag, fekk ho mellom anna snakka med visepresidenten i det internasjonale sykkelforbundet, UCI, Tracy Gaudry. Ordføraren seier at visepresidenten var full av lovord om meisterskapen så langt.

I morgon, tysdag, er det Øygarden-ordførar Børge Haugetun sin tur til å overrekkja blomar til medaljevinnarane. Då handlar det om individuell tempo menn junior. Skal du få med deg dette, kan du møta opp på Torgalmenningen om lag klokka 14.

Tekst og bilete: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå medaljeseremonien:

Sykkelfest på Askøy

Askøy var festkledd då det var invitert til sykkelfest på den første konkurransedagen i Sykkel-VM. Det var ikkje berre dei bunadskledde på Askøybrua som inviterte til fest. Mange tusen hadde funne vegen til løypetraséen i strålande vér.

Mange var samla til sykkelfest på Kleppestø.

Vi møtte ikkje på eit einaste surt ansikt på Askøy i dag. «Alle» ville vera med på sykkelfesten. Askøy-ordførar Terje Mathiassen smilte frå øyra til øyra heile dagen.

I Florvåg fekk publikum sjå kor dramatisk det var under det store sjøslaget som vart utkjempa i 1194. Det var Kong Sverre som kjempa mot «Øyskjeggene». Kong Sverre vann slaget.

Det var uvanleg stor oppslutnad under starten på Ravnanger, og Dag Otto Lauritsen og hans folk fann ikkje ord på kor stor folkefest dette var. På Kleppestø var tusenvis samla i det nydelege véret for å få med seg lagtempo for kvinner og menn. Lagtempo er eit publikumsvennleg ritt der det jamnt og trutt passerte ryttarar i ein og ein halv time til saman.

Støttespelarane til Kristoffer Skjerping reiste med Vestgar til Bergen sentrum etter at dei hadde heia på laget hans på Kleppestø.

Mellom lagtempo for kvinner og lagtempo for menn kunne folk i eit par timar nyta underhaldning frå scena, følgja med på TV-sendinga på storskjerm, kjøpa seg mat og drikke og ta ein prat med vener og kjente.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er nokre inntrykk frå Florvåg og Kleppestø i dag:

Team Joker Icopal passerer Kleppestø.