Det første Festningsrittet: Marius har store ambisjonar

Marius Meidell drøymer om å vera med i dei store ritta, til dømes Tour de France. På sundag var han saman med Morten Kismul i Team Meidell/Kismul og gjekk til topps i det første Festningsrittet på Fjell festning i strålande solskin.

Deltakarane samla for premieutdeling.

– Det var 95 prosent light (lett) løype. Eg trenar seks dagar i veka, og då syklar eg saman med dei andre ei løype opp mot 10 mil mellom Tellnes, Klokkarvik, Ågotnes, Møvika og tilbake til Tellnes, seier Marius.

Marius er glad for at VM skal arrangerast i bergensområdet.

– Eg håpar at det får fleire til å sykla, seier han.

Marius Meidell

På dei to neste plassane følgde Team Kobbeltvedt (Astrid og Nils Birger Kobbeltvedt), medan tredjeplassen gjekk til Team Fjæreide med Emil (11 år) og Tage (ukjent alder) på laget. Det vart køyrt tre rundar på 1 800 meter med både barn og vaksne som deltakarar.

Brukbar innsats frå Fjell kommune

Laget til Fjell kommune deltok utanfor konkurransen, men ville uansett hamna godt bak dei aller beste. Men varaordførar Tom Georg Indrevik og kultursjef Lennart Fjell skal ha ros for innsats og vilje. Med litt trening, kan dei nok med tida til hjelp krypa oppover resultatlista.

I stålande sol kunne folk få omvising på festninga og kjøpa seg kortreist mat som pølser, kjøt, bakarvarer, sveler og honning. Cykleklubben Sotra stod som arrangør med mellom anna Fjell kommune som medarrangør.

David mot Goliat. David Sekkingstad klarte å slå varaordførar Tom Georg Indrevik på streken.

 

– Dette rittet bør arrangerast årleg. I år er det ei god øving til Sykkel-VM , seier Tom Georg Indrevik. Deltakinga og oppmøtet i år var ikkje all verda, men arrangørane er optimistiske med tanke på framtida. 25-30 personar deltok i rittet.

Martin Engelsen presenterte Sykkel-VM-songen sin, og Anita Heggholmen leia det heile med trygg hand som konferansier.

Her er fleire bilete frå Festningsrittet:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke