Familiesykkeldag på Rong senter

Laurdag 22. april inviterer Cykleklubben Sotra i samarbeid med Øygarden kommune, Bergen 2017og NC 2017 Bergen landevei til familiesykkeldag på Rong senter.

Det vert konkurranse om kven som får raskast tid på tusen meter på rulle der Statoil stiller med premier til barn under 18 år.
Det vert og laga til ein stand der ein kan få tatt enkel service og sesong klargjering av sykkelen sin. Mellom dei som har vore innom sykkelservicen vert det trekt ut ein sykkel premie som sponsor Statoil deler ut.
Andre aktivitetar på familiedagen er mellom anna:

  • Sykkelløype og pump-track bane
  • Klatrevegg
  • Hoppeslott
  • Spikking/knuter med Øygarden speidargruppe
  • Frøplanting med Blomsterbua

Møt opp på Rong senter kl 11.00 for ei kjekk oppleving for heile familien.

Familiesykkeldag_Rong 22 april med stad i toppbanner