Velkomen til familiesykkeldag på Straume!

Laurdag den 2. september vert det invitert til familiesykkeldag på Sotraplassen på Straume.  Det heile startar klokka 12.00 med avduking av sykkelkunst på graset ved Lonavegen vis a vis Uno X-stasjonen.

 

På familiesykkeldagen vert det også Sykkel-VM-songar og dans ved Martin Engelsen, Andreas Pareli og Ole Petter Knarvik frå Absence Crew. Musikklaget Fjellklang og Fjell Brass delte med muskalske innslag.

Aktivitetane startar opp klokka 12.30 med pumptrack, ferdigheitsløype, spinning, klatrevegg, konkurranse, utlodding, sykkelsjekk og marknad. Dei musikalske innslaga kan du få med deg frå klokka 13.30.

Torsdag denne veka var 600 elevar frå sjette og sjuande trinn i skulane i Fjell samla for repetisjon og øving på Sykkel-VM-songen «Let´s Go for a Ride».  No er dei klare for å visa seg fram på laurdag.

Vel møtt til familiedag på Straume!