Festningsrittet 7. mai: Transport og parkering

Arrangørane ønskjer at flest mogleg skal finna vegen til Fjell festning på Festningsrittet sundag den 7. mai.  For å få dette til, er det nødvendig med god organisering av transport og parkering.

Fjell festning er arenaen for festningsrittet den 7. mai.

 

– Vi har transport tur/retur med veteranbussar mellom Tellnes Næringspark og parkeringsplassen ved fylkesveg 555. Denne transporten startar klokka 10 og går fram til arrangementet vert avslutta i 15-16-tida, seier Arild Halvorsen hjå Kultursjefen. Det er ingen ordinær transport mellom parkringsplassen og arrangementsområdet på Fjell festning. Hugs at det ikkje er ordinær parkering på parkeringsplassen langs riksvegen denne dagen.

Spesielle behov

Dei som har spesielle behov for transport, kan ta minibuss frå Tellnes Næringspark heilt opp til arrangementsområdet. Denne minibussen har plass til rullestol. Også denne bussen går heile tida under arrangementet.

All transport med minibuss og veteranbussar er gratis. Eigne bilar med tilhengjar fraktar syklar frå Tellnes Næringsparken til parkeringsplassen.

– Vi ser fram til ei feststund på festningar på sundag. Dette må jo vera ei god oppvarming til VM, seier Arild Halvorsen.

Museum Vest tilbyr gratis omvising i festningsanlegget (ikkje kanontårnet). Det er også buer med sal av mykje kortreist mat.

Les meir om arrangementet her.

Tekst: Vigleik Brekke