Fleire tusen møtte opp langs løypa

Både i Øygarden, på Ågotnes, Kolltveit og Straume møtte tusenvis opp for å sjå fellesrittet for menn junior på laurdag.

Thor Hushovd var på plass på Straume då publikum venta på ryttarane laurdag føremiddag.

På Straume var kanskje rundt tre tusen personar på plass for å vera med på folkefesten. Kanskje kjem det dobbelt så mange i morgon på fellesrittet for menn senior? Også langs løypa utanom fansonene vert det meldt om god publikumsoppslutnad.

På Straume tok ryttarane ein runde rundt Sartor Storsenter, og dermed var det lagt godt til rette for publikum som var i omrdet. Det vart ein stopp for feltet etter at nokre syklistar velta like ved Mixen.

Familien Midttveit på fem var på plass på Sartorplassen i dag.

– Dette er kjempegøy, og det er lagt godt til rette for ein folkefest her i nydeleg ver. Vi har gledd oss lenge og skal vera med på rekordforsøket med minst 250 utkledde vikingar i morgon, seier mor Camilla.

Familen Midttveit ville vera med på folkefesten. Framme frå venstre; Mie og og Milian Midttveit Seim. Bak; Camilla Midttveit, Magnus Seim og Joahchim Midttveit Andersen.

Førebur seg til verdsrekord

På vikingmarknaden like sør for senteret, er det full aktivitet i og utanfor fleire telt som er sett opp. I morgon er det verdsrekordforsøk i tal utkledde vikingar.

– Etter at syklistane passerte, har aktiviteten auka her i vikingleiren. Det er lagt til rette for bogeskyting, øksekasting, sverdkamp, forteljing og «Det store slaget» der barna deltek, forklarar Anders Riple i Tidsreiser. Frå scena vert det opplyst at det er mogleg å låna vikingdraktar til verdsrekordforsøket på sundag.

Det er nærast umogleg å seia sikkert kor mange som var til stades langs løypetraséen i dag. I straumeområdet var det kanskje rundt tre tusen. Legg vi til dei andre fansonene, heiasonene og startområdet på Rong, kan vi slå fast at oppslutnaden har vore svært god. Og i morgon er det «finale» med fellesritt for menn!

Avdeldingsleiar i Askøy, Sotra og Øygarden lensmannsdistrikt, Per Algrøy, var på plass på Straume.

– Det har ikkje vore noko trøbbel å melda om. Ei kvinne som skulle føda, vart sleppt fram på hovudvegen kort tid etter at han vart stengt. Det var heilt udramatisk.

-Kor mykje politifolk har de ute i området?

– Plenty, svarar Algrøy diplomatisk.

Fredrik Mathiesen i Sotra Røde Kors seier at det har vore lite å gjera. Ein person svima av, men kvikna fort til igjen.

Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy smilte breitt i dag.

– Det ser ut som om alt går på skinner. Det er vist flotte TV-bilete frå regionen, og i morgon ventar eg endå meir folk, seier ordføraren.

Rittet vart vunne av danske Julius Johansen. Beste nordmann vart Olav Hjemsæter på åttande plass.

NB! Det går ekstra buss- og båtruter. I morgon går det båt t/r Ågotnes-Bergen. Første rute kl. 14.00 frå Ågotnes er fullteikna, men det er plass på seinare ruter. Kjøp billett på førehand: www.sykkelivest.no/billettar

Sjå også flotte VM-bilete frå Øygarden.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Martin Eilertsen (Straume), Monica Hovland (Straume), Halvor Skurtveit (Kolltveit) og Kjell Andersland (Knappskog)

Fotogalleri frå Straume