Flott sykkel- og familiedag på Rong senter

Lørdag var det sykkel – og familiedag på Rong senter med eit yrande liv og mange aktivitetar. Gjevaste hendinga var nok for Kevin Ekse (13) som vann ein flott sykkel.

Ordførar Børge Haugetun var den som trekte ut Kevin mellom dei som hadde vore innom sykkelverkstaden til Statoil. Over 60 barn besøkte sykkelservice denne dagen. Det kom tilbakemeldingar frå både barn og foreldre at dei var svært nøgde og glade for å få sykkelen i stand til sesongen. Statoil støtta opp på mange områder, mellom anna med hovudgevinsten som Kevin vann.

Heile Norges elite hadde seminar på Kollsnes, og gjennomførte sykkelritt med start på Tjeldstø og mål ved Rong senter. Her var ritt både for seniorar og juniorar i ulike klassar. Alle andre sykkelinteresserte kunne låna seg ein sykkel om dei ikkje hadde med sin eigen og prøva seg på sykkelløype & sykkelbane/ pumptrack, eller delta på sykkelrullekonkurranse: Her var det om å gjera å vera raskast å sykla 1000 m på kortast mogleg  tid. Vinnarane i dei ulike klassane  opp til 18 år fekk kjekke nett  fylt med overraskingar frå Statoil. Vinnarane av rullekonkurransen var: Lydia Andersen, Rebekka Knarvik, Fredrik Hjelme, Thomas Hellesøy og Thomas Halstensen.

For dei som ikkje ville sykla var det mange artige aktivitetar å vera med på. Det er vår og Cecilie på Blomsterbua lærte ivrige små hender å planta frø, og med seg heim fekk deltakarane solsikkefrø til eigen hage! Det var lang kø då Cosmo frisørsalong  gav mange ivrige born tilbod om å få  farga  håret. Kombinert med ansiktsmaling var det mange fargerike deltakarar som vrimla kring mellom alle aktivitetane.

Mange fleire aktørar var med på gjera sykkkeldagen til ei kjekk oppleving for borna. Øygarden speidargruppe lærte ungane å spikka og knyta knutar. Flotte speidarknivar vanka i premie i gjettekonkurransen. Skjergard stilte med hoppeslott, FAU Rong skule med lykkehjul og Dale Oen Experience med sin populære klatrevegg. Grillgutane ved Lux Cafe’ såg til at alle fekk noko godt å bita i.

Arrangementet kom i stand i høve den pågåande Norgescupen i sykling. Hovudansvarlege var  Vest CK ved/Jan Arne Nautnes, frå Statoil stilte m.a. Kjersti Nordøy  og Vigdis Eide, dei næringsdrivande på Rong senter, Øygarden kommune v/ Friviligsentralen med dagleg leiar Liv Edel Mikkelsen og  Frisklivsentralen med folkehelsekoordinator Bente Guntveit.  Alle  var  nøgd  både med oppmøte, deltakarar og gjennomføring av arrangementet.