Forventar stor fest under sykkel-VM

– Sykkel-VM gir mange moglegheiter. Grip dei! Det var den klare talen frå sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen då han snakka til nærare 120 deltakarar på kystbyseminaret i ettermiddag.

Harald Tiedemann Hansen

Det åttande kystbyseminaret hadde rekordoppslutnad, og det var store forventingar til spennande foredragshaldarar i SF Kino Sotra. Litt utfordringar med teknikken skulle ikkje leggja nokon dempar på arrangementetDei tre ordførarane i regionen, Børge Haugetun (Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Kari-Anne Landro (Sund) innleia det heile ved å peika på kva moglegheiter eit slikt stort internasjonalt arrangement kan gje regionen.

Haugetun har stor tru på at regionen her vest vil få ei flott promotering saman med Bergen og at det er opp til oss å gripa sjansen. Sandahl Bjorøy viste til at Fjell kommune sa først nei til å delta, men har kome sterkt tilbake seinare. Ho understreka kor viktig eit slikt arrangement er for kvardagssyklinga. Landro sa at Sund har ei litt anna rolle enn dei andre kommunane i og med at ikkje løypa går gjennom hennar kommune. Ho understreka kva effekt næringslivet kan få av eit slikt arrangement.

Lokale tiltak

Kulturleiar i Øygarden, Christel Møvik-Olsen, og kultursjef i Fjell, Lennart Fjell, orienterte om ei rekkje tiltak som allereie er sett i verk i dei to kommunane, ikkje minst i Øygarden. Møvik-Olsen viste til kor viktig det er med samarbeid med næringslivet, både ved at bedriftene er med i aktivitetane og bidrar som sponsor. Også samarbeid med lag og organisasjonar er avgjerande for å lukkast. Lennart Fjell hadde med helsing frå den lokale syklisten Kristoffer Skjerping som i dag vart teken ut på laget til VM i Qatar i oktober.

Christel Møvik-Olsen

Sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen lista opp fakta som viser kva dimensjon eit Sykkel-VM har. I Sykkel-VM vert det 1 100-1 200 deltakarar frå meir enn 80 nasjonar. Det er venta minst 500 tusen tilskodarar, tusen pressefolk og 300 millionar TV-sjåarar. Det trengs mellom 1 500 og 2 000 frivillige medarbeidarar for å få gjennomført arrangementet som går føres seg i tida 16. til 24. september. Dei to siste dagane går det ritt frå Øygarden via Fjell til Bergen. Tiedemann Hansen brukte tid på å snakka om arven etter VM.

– Vi får eit fundament for vidare satsing på internasjonale arrangement i Noreg. Vi har no fire store etapperitt i landet, og vi ønskjer å utvikla Noreg til å verta ein av dei 10 beste sykkelnasjonane i verda. Vi har også eit auka fokus på kvardagssykling, sa Tiedemann Hansen som gav ros til arbeidet som allereie er gjort her ute med tanke på Sykkel-VM.

Nødvendig med fleire sykkelritt

Trond Alhlsen og Øyvind Løland i TV2 snakka om kva arrangementet kan bety for regionen. Ahlsen viste til kor stolte nordlendingane er av Artic Race of Norway. Han understreka at det ikkje er nok med dette eine store arrangementet.

– Det er nødvendig med eit årleg arrangement. Skjærgardsrittet er viktig, og folkehelseaksjonen har potensiale til å verta viktig kvart år, sa Ahlsen. TV2 skal produsera ei rekkje reportasjar/videoar som skal promotera arrangementet og regionen.

Trond Ahlsen

Håkon Vatle, som har stått i spissen for ei rekkje folkearrangement og festivalar, gav forsamlinga tips om korleis det kan skapast engasjement om Sykkel-VM. NRK-journalist, Linda Eide, presenterte filmen «Døden bak styret» frå 2005 som er ein tankevekkjande og humoristisk dokumentar om korleis det er å vera syklist i Bergen. Skilnaden mellom Bergen og den nederlandske byen Groningen er slåande. I Bergen er det tre prosent som brukar sykkelen som transportmiddel, medan Groningen kan skilta med at 28 prosent av trafikantane brukar sykkel.

Her er fleire bilete frå kystbyseminaret

Tekst og foto: Vigleik Brekke