Full aktivitet på Foldnes skule

Denne veka gjennomfører Foldnes skule aktivitetsveke. I tillegg til å få alle elevane i god aktivitet, vert det fokusert på sunt kosthald.

Karoline Hernes, 6a

På skuleplassen tysdag føremiddag var klasse 6a i full gang med sykkelopplæring i regi av «Alle barn sykler».

– Det vert gøy med Sykkel-VM. Eg trur at eg skal stå langs løypa og sjå på syklistane, seier 11 år gamle Karoline Hernes.

– Syklar du til skulen?

– Av og til, det er ikkje alltid at eg gidd. Eg har så kort veg til skulen, seier Karoline som raskt legg til at ho syklar ein del til trening på Sotra Arena og minner om at det er bra for miljøet å sykla. Saman med dei andre elevane i 6a fekk dei ei god treningsøkt i ferdigheitsløypa på skuleplassen tysdag føremiddag.

På Skiftedalsvatnet fekk elevane padla.

Aktivitét og sunt kosthald

Det er aktivitet og arbeid med sunt kosthald heile denne veka på Foldnes skule. Rektor Ragnhild K. Magerøy opplyser at dei fire første dagane er dagen delt i to der elevane få sykla og padla med kano. Klassane lagar sunn og god mat på skulekjøkenet. Mellom anna vert elevane minna om kva som kan reknast som sunne matpakkar.

Nedanfor Foldnes kyrkje er elevane i klasse 5a klare for padling. Lærar Jon Moren Øvrebø er ein røynd padlar som passar på at det går bra med alle elevane. For å unngå venting ordnar trivselsleiarane med aktivitetar som finsk kanonball og leiken «Dverg, kjempe og trollmann».

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå aktivitetsveka: