Om lag klokka 10 runda det store feltet med juniorryttarar rundkøyringa på Kolltveit. Rundkøyringa og området ved tunnelopninga og golfbana var omkransa av om lag 300 personar i feststemning.

Her var det underhaldning ved barn og Absence Crew, både åleine og saman med Andreas Pareli og elevar med VM-songen «Let´s Go for a Ride». Martin Engelsen var også på plass med VM-songen sin «Skjergardsvegen».
På Kolltveit vart sykkelfesten kombinert med Kolltveitdagane. Det var hoppeslått og mattelt med kortreist mat. Speidarane frå Kolltveit og Ekrhovda har felles teltleiar saman med MOT-ungdomar og har slått seg ned i eit område nord for rundkøyringa.
Foto: Halvor Skurtveit
Fotogalleri
Her er fleire bilete
Foto: Arild Halvorsen
Her er bilete frå sundag
Foto: Steinar Bauge