Grendakamp på sykkel på Fjell festning

Sundag den 7. mai brakar det laust med ein god gamaldags grendakamp på Fjell festning. På Festningsrittet vert det kamp mellom grendene som kan stilla med stafettlag samansett av to barn og to vaksne. Andre lag kan og stilla. Arrangør er Cykleklubben Sotra. Velkomen til familiedag med ulike aktivitetar for små og store.

Familiedag

Vi varmar opp til Sykkel-VM i september med sykkelritt og familiedag på Sotras tak, Fjell Festning.

  • Grendakamp på sykkel
  • Bergen2017 – “Alle barna sykler-løype”
  • Gratis hesteriding
  • Sykkelservice
  • Omvising på festninga
  • Underhaldning
  • Sal av lokal mat

Grendakamp på sykkel for bygder og andre lag: stafettlag to barn og to vaksne (velforeiningar, bedrifter,  klubbar, venner, naboar). Det blir premiar til det beste laget, vandrepokal og premiar trekt på startnummer.

Sett av sundag 7. mai kl. 12.00 til 15.00 og møt opp anten du vil delta eller vera ivrig tilskodar.

Pris

Kr. 200 ,- pr. lag. Barnesykkelløp er gratis for alle. Publikum er gratis.

Påmelding

Her kan du melda på ditt lag til rittet.
Du kan også melda deg på i startområdet på festninga.

Parkering

Viktig informasjon! Sundag 7. mai må alle som besøkjer Fjell festning og området rundt parkera på Tellnes Næringspark. Der går det gratis shuttlebusser til parkeringsplass for Fjell festning ved FV555. Derfrå må du gå eller sykla opp til festninga der sykkelrittet vert arrangert. Det er mogleg å få frakta syklar med spesialtransport frå Tellnes Næringspark til parkeringsplass for Fjell festning ved FV555.

Personar med spesielle behov kan ta minibuss heilt opp til festningsområdet frå Tellnes Næringspark.