Har du tenkt å gifta deg 23. september 2017?

Då bør du lesa dette.

Lennart Fjell, kultursjef

Kultursjef i Fjell, Lennart Fjell, er leiar av den lokale Sykkel-VM-komitéen i Fjell. Han vil slett ikkje rå folk i frå å gifta seg. Men å satsa på giftarmål laurdag den 23. september i Fjell er kanskje ikkje det luraste du kan finna på neste år.

– Kvifor?

– Sykkel-VM går av stabelen 16. til 24. september. Laurdag 23. og sundag 24. september er det på sett og vis unntakstilstand for oss vest om Sotrabrua. Med fellesstart for Sykkel-VM desse to dagane (menn junior og menn senior) vil trafikken vera stengt delar av desse to dagane. Og det er vel ingen som ønskjer å koma for seint til vigsel og bryllaupsfest på grunn av stengte vegar, seier Lennart Fjell som dermed er rimeleg tydeleg på at folk bør kryssa av desse to dagane i almanakken og tenkja seg vel om kva som bør prioriterast desse to dagane.

Lennart Fjell er av natur optimist. Han er trygg på at folket vestom brua vil ta omsyn til at sykkelritta må gå sin gang og sjølv delta som frivillig og publikum i det som han reknar som den største folkefesten i regionen på lenge.

Merk av datoane 23. og 24. september!

– No ønskjer eg at folk merkar seg kva tid Sykkel-VM går av stabelen og særleg kryssar av seg 23. og 24. september. Eg trur dette vert ein folkefest vi vil hugsa lenge. Og saman med innbyggjarane, lag og organisasjonar og næringsliv skal vi laga ein stor folkefest, seier Lennart Fjell og minner om at fleire hundre millionar TV-sjåarar vil få vakre og eksotiske bilete og opplevingar frå regionen.

Det trengs mange frivillige til å få gjennomført dette store internasjonale arrangementet, både i Bergen og i kystkommunane. Når det vert invitert til å delta med frivillig innsats, håpar Lennart Fjell at mange melder seg. Han håpar også at folk stiller møter opp langs løypa og bidrar til at dette vert ein folkefest som vert hugsa lenge.

Sjå heimesida til Bergen 2017 for meir informasjon om sykkel-VM.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Mai-Helen Hansen