Heiarop-konkurransen er avgjort

På leiarsamlinga til skulesjefen i dag vart dei tre finalistane til heiarop-konkurransen i skulen i Fjell presentert. Heilt til topps gjekk Tellnes skule. På dei nest to plassane følgde Brattholmen og Kolltveit.

  • Fire av elevane frå Tellnes skule

(Videoane ligg lengre nede i artikkelen)

– Det har vore eit fantastisk engasjement frå alle deltakarane frå skulane. Vi har fått inn 10-12 gode bidrag. Dei tre finalistane hadde alle eit sterkt engasjement, god bevegelse og godt innhald. Tellnes skule skilde seg ut ved at dei nytta fleire språk, seier Tore Brekke som sit i arbeidsgruppa i skulen i Fjell som arbeider med Sykkel-VM. På leiarsamlinga i dag fekk han skulesjef Wilhelm Anglevik til å dela ut diplom til fire elevar frå kvar av finalistane.

Sjølv om det er plukka ut finalistar og vinnar av konkurransen, understrekar Brekke at elevane må bruka det heiaropet dei sjølv ønskjer. Under sjølve Sykkel-VM er det først og fremst den siste dagen (24. september) at skulen stiller opp. Då vil elevane prega arrangementsonene/fansonene både på Ågotnes, Kolltveit og Straume (Sartor Storsenter).

Tore Brekke opplyser at no før sommarferien er ein del skular i gang med sykkelengasjementet, men det vil ta seg godt opp i august/september både i forkant av sjølve arrangementet og under den siste rittdagen den 24. september.

I skulegruppa for Sykkel-VM sitt elles rektor på Fjell ungdomsskule, Anne-Merete Vabø Haugane (leiar), rektor på Brattholmen skule, Anja Solli, rektor på Landro skule, Anita Vabø og Eva Finstad hjå Skulesjefen.

Tellnes skule

Brattholmen skule

Kolltveit skule

Tekst og foto: Vigleik Brekke
Video: Kjell Andersland og Fredrik von der Ohe (redigering)