Oppfordringa frå før Sykkel-VM gjeld fortsatt, proklamerer desse tre spreke damene som utfordrar tilsette til å sykla til oppdrag kring i kommunen. Lat bilen stå og tenk at all aktivitet er nyttig for helsa!

Den kreative initiativtakaren, rådgjevar Martha Landro, fekk med seg kulturleiar Christel Møvik – Olsen og folkehelsekoodinator Bente Guntveit på ideen.
Den raude sykkelen er ein god, gammaldags og hyggelig damesykkel medan den svarte sykkelen er el-sykkel som gjev god drahjelp til den som treng det.Martha Landro
Folkehelsa er i fokus når arven etter Sykkel-VM skal vidareførast. Så no er det berre for tilsette å booka sykkelen via Outlook – kalenderen og henta nøklar og syklar i Servicetorget på rådhuset på Rong.
