Heile Blomvåg skule på hjul!

Trygge og glade 8- 10 åringar frå Blomvåg skule tok utfordringa då lærarane inviterte på sykkeltur til Herdlevær på skulen sin sykkeldag på Blomvåg torsdag.

Ikkje verst å sykle 1,4 mil for små kroppar! Men med motiverande og oppmuntrande lærarar: Belinda føre og Johnny bak og Ruth som tryggleikssjef i bil, gjekk det strålande! Det var litt regn og surt i starten på dagen men etter litt mat var alle klar for konkurranse. Nokre var litt skeptiske, og starta individuelt. Men etter øving, vart konkurranseinstinktet pirra, og dei la ut to og to, medan sola titta fram og skapte god stemning. 3. – og 4. klassen brukte heile dagen på denne fine og utfordrande turen.



På Rong var rektor Linda og lærarane Synnøve og Sølvi saman med mellomtrinnet som øvde seg på Pump Track. Ikkje berre enkelt, for her var det om å gjera å halda balansen, noko rektor innrømte at ho ikkje klarte like godt som mange elevar gjorde. Ho fortalde at torsdagane har mellomtrinnet «Glad-dag» heile dagen med dei faste aktivitetar som Mat og helse, kunst og kultur og sjølvsagt fysisk aktivitet. Denne torsdagen var heile skulen med på sykkeldagen. Då mellomtrinnet var ferdig på Rong sykla dei tilbake til skulen for øva seg i hinderløypa og laga kunstverk til Sykkel-VM. I tillegg hadde dei både vaske – og vedlikehaldsstasjon, sett på film om sykling og lært trafikkreglar.
Småklassen, 1. og 2. klasse var på kosetur i Lamaskogen på Dale og fekk grilla. I tillegg var dei med på vasking og testing av syklane. Også dei fekk sjå film og om sykling og ikkje minst læra trafikkreglar.
På slutten av dagen samla alle elevane seg til Sykkel VM-song og alle fekk kvar sine fine drikkeflasker.
