Denne veka har Bergen 2017 presentert kulturprogrammet for Sykkel-VM. Det er lagt vekt på mangfald, og brudans i Øygarden og lyskunst på Pyttane i Fjell er døme på kulturinnslag frå vest.

– Syklistane er naturlegvis dei største stjernene under meisterskapen. Men som ein fantastisk bonus vil også våre lokale artistar og kunstnarar skina under meisterskapen, seier dagleg leiar i Kulturoperatøren, Øyvind Storheim til Bergen 2017.
Scena på Torgallmenningen vert hjarta i byen under arrangementet. Der vert det medaljeseremoniar og gratis konsertar. Det er også ei rekkje kulturopplevingar i samarbeidskommunane Askøy, Øygarden og Fjell som dansecrewet Absence med skuleprosjekt, brudans, sjøslag, verdsrekordforsøk i tal vikingar og lyskunst.