Her er maskoten for sykkel-VM

Sykkel-VM har inngått eit samarbeid med Vennebyen om at «Apa» i Vennebyen vert den offisielle maskoten for sykkelmeisterskapen.

«Apa» i Vennebyen vert maskot for Sykkel-VM. Foto: Bergen 2017.

Karakterane til Vennebyen vert dermed ein viktig del av bybiletet under VM i bergensregionen 16. – 24. september. Avtalen inneber mellom anna at Vennebyen vert knytt opp til barneaktivitetane under VM.

– Vi er svært godt nøgde med samarbeidet med Vennebyen. Vennebyen har ein brei appell, og vil verta eit flott innslag på scenene under VM, seier president i Bergen 2017, Harald Tiedemann Hansen.

Fjell kommune er medarrangler av Sykkel-VM.

Les meir på nettsida til Bergen 2017.