Inspirerande Kickoff – Sykkel-VM 2017

Publikum fekk eit energifull, humoristisk og inspirerande møte med grûnderen for Artic- Race – løpet i Nord-Norge, Knut-Eirik Dybdal.

Frå v. Silvia Haugland TVØ, Ordførar Børge Haugetun, Knut-Eirik Dybdal, og Kulturleiar Christel Møvik-Olsen

Med humor, video og bileter synte han dei vel 50 frammøtte at det er mogleg å skapa noko stort og uforgløymeleg, berre ein har mot og fantasi, står saman, er opne og stolar på kvarandre. Han gav publikum gode råd og kreative innspel til bruk i arbeidsprosessane etter innlegget.

Knut-Eirik Dybdal
Frå v. Kulturleiar Christel Møvik-Olsen og Knut-Eirik Dybdal

Sponsa av Statoil:

Dybdal var invitert av Statoil til å vera inspirator for Øygarden kommune. Statoil er ein god støttespelar både for kommunen sine arrangement, og Artic-Race. Til stades frå Statoil var informasjonsansvarleg Kjersti Nordøy og administrasjonsleiar Vigdis Eide, samt Lena Hansen frå hovudkontoret. Hansen kunne spreie den gode bodskapen om at Statoil har invitert Sykkelforbundet og Tor Hushovd til landslagssamling og regionsamling for juniorlandslaget på Kollsnes i august, med tema «Vegen til VM»: Dette blir siste samling før Sykkel-VM og det vil bli arrangert motivasjonssamling der aktørar frå kommunen og blir invitert. Deltakarane skal bu på «Riggen» på Kollsnes.

Frå v. Kjersti Nordøy (Statoil), Lena Hansen (Statoil) og Knut-Eirik Dybdal

Presentasjon av løypa og aktiviteter på Rong senter

Løypesjef for Bergen 2017, Torjus Larsen, synte løypetraseen frå Rong senter og sørover. Kulturleiar og prosjektleiar for Sykkel-VM2017 i Øygarden, Christel Møvik-Olsen, presenterte planlagte aktivitetar fram mot VM, tankar kring folkefesten lørdag 23. og søndag 24. september og synte den nye felles heimesida for Sund,Fjell og Øygarden: «Sykkel i Vest».

Parallelle Workshop:

Eit av måla med kvelden var å henta ut kreative idear til dei ulike planlagte arrangementa frå dei frammøtte. Publikum blei delt inn i roterande grupper der det blei ide’myldring kring desse aktivitetane:
1. Familiedag 22. april Rong senter
2. Sykkelstimulering til Skjergardsrittet 5 juni
3. Folkefest langs løypa 23-24 september
4. Fansone Rong Senter 23-24 september.

Etter ei effektiv økt, presenterte gruppene ei kort oppsummering av ide’ane, og kulturleiaren lova forsamlinga ein invitasjon til oppfølgjing av dei framlagte tankane. «Det er de som skal skapa festen kring Sykkel-VM i Øygarden, sa ho entusiastisk! Ho talte til ei forsamling som var samansatt av Formannkapet, som er styret for Prosjekt Sykkel-VM 2017 – Øygarden, representantar frå lag og organisasjonar og næringslivet som var godt representert. Rådmannen og tilsette frå administrasjonen med ulike rollar i prosjektet tok del i gjennomføringa av arrangementet. Av deltakarar frå andre instansar, var Bergen 2017 representert med kommunikasjonsdirektør Erik Halvorsen og kommunikasjonssjef Toril Schalck. Idrettsjefen i Bergen, Rune Titlstad, som er busett i Øygarden var og med, saman med  løypesjef Torjus Larsen og representantar frå beredskap, som hadde synfaring med beredskapsansvarlege i Øygarden før møtet.