Inspirerande kveld med Dag Otto og Thor i Øygarden

Torsdag kveld inspirerte sykkelheltane Dag Otto Lauritsen og Thor Hushovd unge og vaksne gjennom foredrag på Kollsnes, deltaking i Brudansen på Rongesundsbrua med Ungdomsskuleeelvar og grilling i Ormhilleren seinar på kvelden.

MOT ambassadørane med Dag Otto og Thor

 

 

Rådmann Siri Fahlvik Pettersen og formannskapsmedlem Ingrid Marie Toft

Statoil og Øygarden kommune har generelt eit godt samarbeid, og på dette arrangementet var det spesielt Sykkel-VM kommunen og Statoil hadde fokus på. Programmet byrja med inspirasjons-foredrag av Dag Otto Lauritsen i Kollsneshallen, der mange Øygardsveringar hadde funne vegen denne vakre seinsommarkvelden.

Rong Brass
Selfi med Thor Hushovd

Rong Brass opna med kraftfull musikk og ordførar Børge Haugetun og Statoisjef i Øygarden, Olav Båtsvik ynskte velkomen og synte publikum kor viktig brubygginga mellom kommune og næringsliv er for innbyggjarane og utvikling av eit lokalsamfunn. Dag Otto Lauritsen er ein inspirerande føredragshaldar, programleiar og ikkje minst syklist. Han var Norges første vinnar av Tour de France, og han veit mykje om temaet «Alt er mulig. Det umulige tek berre litt lengre tid»

Den andre delen av programmet denne kvelden var brudans med Dag Otto og Thor.170 medlemmar frå ungdomsklubben MOT samt 30 vaksne var med på Rongesundsbrua, som vart stengt medan dansen pågjekk. Det var stor stemning og sykkelheltane vart kapra for selfis av mange entusiastiske undgdommar! TV 2 filma arrangementet som vil bli sendt under Sykkel-VM i september.

Mykje morro under spørjekonkurransen i Ormhilleren

Etter brudansen var det grilling og spørjekonkurranse i Ormhilleren, der sykkelheltane fekk hjelp av ungdommane til å svara på utkropne spørsmål frå MOT – ungdommane.

Dag Otto Lauritsen, Olav Båtsvik, Statoil, fru Båtsvik og Thor Hushovd

Bakgrunnen for dette inspirerande programmet er at Statoil er hovudpartnar for talentutvikling i Norges Cykleforbund. Tidligare proffsyklist Thor Hushovd er og ambassadør for «Morgondagens Helter» og har ein aktiv rolle i ulike sykkelkonsept for Statoil.
Noregs Cykleforbund og Statoil «Morgondagens Helter» har denne veka arrangert ei regionsamling for unge talent i Øygarden i kombinasjon med talentane si deltaking i Øygarden sykkelfestival.

På Rongesundsbrua for å dansa
Publikum på Kollsnes

 

Ordførar Børge Haugetun og Statoilsjef i Øygarden, Olav Båtsvik