Jublande sykkeldag på Tjeldstø skule

Jubelen braut laus då Kennth frå Kiwi på Søre Sæle tysdag kom med ein flott sykkel til utlodding, saman med ein stor kasse med frukt til lunsj. Vinnaren av sykkelen vart trekt i lunsjen, og den glade vinnaren vart Teodor Fjeldstad frå 1. klasse.

Ein glad vinnar av sykkel, Teodor Fjeldstad

Dagen på Tjeldstø var delt i to for dei to klassetrinna.. På føremiddagen var 3. og 4. klasse på rebusløp i skogen. Etterpå sykla dei 300 meter på tid. Klassane var inndelt i grupper med ti forskjellige nasjonalitetar, mellom anna Sveits, Danmark, USA og Sverige. Dei kom akkurat i mål til Kenneth frå Kiwi kom som vart møtt med stor begeistring då han presenterte sykkelen for dei.

Øving på einhjuling.
Nicolai frå dansegruppa.

Mellomklassen øvde seg på hinderløyper, einhjuling og stafett med vognsyklar. Nokre lærte seg å bli trygg på sykling og å halda balansen, då var det godt å ha ei lærarhand å støtta seg til. Andre var meir modige og forserte hindera med stort mot. Men sjølv den modigaste kan falla og trenga trøyst frå læraren når uhellet er ute.

Frå venstre: Marta, Tomas, Aaram, Sunniva og Nicolas.
Nadine i farta.

Før dagen tok til, hadde elevane litt teori om korleis dei skal føra seg i trafikken når dei brukar sykkel, og hadde lært å vaska og stella sykkelen sin. Nadine storkosa seg og fortalde at det er viktig å gå av sykkelen når ein skal gå over eit gangfelt. Ho tykte hinderløypa og vaskestasjonen var dei kjekkaste aktivitetane denne dagen.

Sandra og Joacim.

Til lunsj koste elevane seg med god brødmat frå Spar Tjeldstø samt frukta frå Kiwi til lunsj.
På ettermiddagen var det dei minste som skulle vera i hinderløypa og kappsykla, medan mellomklassen drog på tur rundt Sture. Med sola som følgje var det ein kjekk og spennande dag for alle elevane på Tjeldstø skule.

Konkurranse.