Kampanjar

Sykle til jobben: Konkurransen der alle er stjerner!

Sykle til jobben-aksjonen rullast i gang 19.april og i år heiar vi på alle våre kvardagsmosjonistar og kvardagssyklistar! Hos oss er dykk alle stjerner!

Alle kan vera med på Sykle til jobben-aksjonen og ALL aktivitet kan registrerast! Frå 19.april og fram til og med 17.juni kan du konkurrera saman med fleire tusen andre om å samla aktivitetspoeng i kampen om mange flotte premiar! Her er det ikkje om å gjere å ha flest poeng, men å ha nok. Klarar du poengkrava undervegs kan du vinna flotte reiser i Norge med overnatting hos Scandic Hotels, knalltøffe syklar frå Merida, pulsklokker frå Polar, trening- og fritidsklede frå Craft og mykje, mykje meir! Og hugs at Askøy og Os påstår at dei skal grusa oss i denne konkurransen..!

Du kan delta alene eller på lag med opptil 5 personer. Aktiviteten din registrerar du enkelt via nettsida www.sykletiljobben.no eller via appane Strava og Endomondo. Og ja, ALL aktivitet gjev poeng, også andre ting enn sykling og på andre tidspunkt enn til og frå jobb.

Det beste av alt; Kommunen spanderer deltaking på alle innbyggarane i kommunen frå 15 år og oppover, og alle som jobbar i ei bedrift lokalisert i kommunen. Er ikkje det flott?

Påmeldinga er allereie godt i gang, så bli med på Fjell sitt lag du også. Meld deg på her.  

Alle barn syklar

Sykkelopplæringsprosjektet «Alle Barn Syklar» vart lansert hausten 2015. Prosjektet varer 4 x 2,5 timar per klasse og er retta mot barn i 4. og 5. klasse.

Les meir på Bergen 2017. Sjå heimesida for Alle Barn Sykler

Del vegen

Bilister og syklistar må rekna med å dela på vegen. Vi skal halda fram med å byggja separate sykkelanlegg, men vi kan ikkje byggja oss ut av alle situasjonar. Noke gonger må syklistane ut på vegen. Sykkelvegen kryssar vegar og avkøyrslar, og treningssyklistar må bruka landevegen som treningsarena. Gang- og sykkelvegane er berekna for skulebarn og andre som er ute på ein roleg tur. Dei er ikkje bygde for så rask fart som treningssyklistane held.

Les meir på Statens vegvesen.