Kulturskulane leverer alltid. Det skjedde også torsdag kveld då det var invitert til konserten «Vi triller» i kultursalen i Fjell rådhus. Elevane frå kulturskulane i Sund, Fjell og Øygarden gav oss ein flott inngang til Sykkel-VM i region vest.

– Velkomen til fellesritt, sa Anne og Oda Nymark då dei helste dei 100 frammøtte i kultursalen velkomen til konsert.
– Kjære foreldre; det er veldig vanskeleg å vera konferansier når de gir barna dykkar så mange namn, sa Anne og Oda då dei skulle annonsera eitt av innslaga med mange fornamn og etternamn.
Dei understreka som rett var at publikum var heldige som fekk koma på denne konserten og høyra alle desse talenta gratis.
Og konsert vart det, og det med høg kvalitet og stor spennvidde. Med utdrag frå Les Miserables, Vivaldi, Mozart, jazzdans, song, trolldans og Jan Eggums «Heksedans» vert det noko for alle. Og når konserten vart avslutta med Vilde og Annas «Vestlandet» smelta alle hjarto.
Produsent for konserten var Åshild Eriksen, medan regissør var Yvonne Algrøy.
Lærarane som har bidratt til konserten er Anett Omdahl Skansen, Berta Myklemyr, Bodil Østmo-Sæter, Guro Haugen, Claudioa Micheli, Hallgeir Fiskaaen, Henry Reitan, Inge Solsvik, Jan Øyvind Hanevik, Knut Magnus Bøen, Nina Wu, Olena Svatyeva og Åshild Eriksen.
Her er bileta frå konserten i Fjell rådhus torsdag kveld





















