Kristoffer Skjerping lovar «fyrverkeri»

– Dersom eg vert teken ut på det norske laget, lovar eg «fyrverkeri» og show frå start, seier ein optimistisk Kristoffer Skjerping tre månader før Sykkel-VM.

Sundag den 24. september startar hovudrittet i Sykkel-VM med landevegsritt for senior menn med start på Rong i Øygarden. Vidare går rittet langs hovudvegen gjennom Fjell forbi arrangementsonene Ågotnes, Kolltveit og Straume (Sartor Storsenter).

Det norske laget vil få ein kvote på seks til ni personar. Med full kvote, er sjansane for at Kristoffer Skjerping kjem på laget absolutt til stades.

Sjå video her:

Video: Kjell Andersland
Redigering: Fredrik von der Ohe, Vigleik Brekke