Laget til Kristoffer Skjerping hamna på ein 13. plass på lagtempo for menn under Sykkel-VM i dag. Konkurransen var hard, og Team Joker Icopal var best av dei fire norske laga den første konkurransedagen. Team Sunweb vann lagtempoen både for kvinner og menn.

Askøy og Bergen bada i sol og varme, og løypetraséen var omkransa av tusenvis personar både langs løypa på Askøy og i Bergen. Etter at kvinnene starta gildet med start klokka 12 på Ravnanger, var det klart for mennene og Kristoffer Skjerping sin debut i ein seniorverdsmeisterskap.
– Det var enormt med inntrykk, og eg er litt utlada no etter rittet. Med så mykje folk og mange vener som såg på, må eg vedgå at eg hadde høg puls ein del nervar då eg stod på startstreken. Som lag samarbeidde vi godt, og eg trur me makta å få ut det me er gode for, seier Skjerping.
Les meir om rittet på nettsida til Bergen 2017.
Svært mykje folk langs løypa
Det var så mykje folk langs løypa at Skjerping samanliknar dette med det store rittet Flandern rundt når det gjeld publikumsoppslutnad.
– Det er ikkje så lett å registrera kor mykje folk det er langs løypa når det går fort, men opp den tunge Birkelundsbakken, merka vi at det var enormt med folk. Det var som asfalten rista, seier Kristoffer Skjerping.

No skal syklisten frå Sekkingstad i Fjell ta det med ro med relativt lett trening fram til han møter landslaget onsdag kveld og følgjer opplegget deira fram til fellesrittet sundag 24. september.
Fjordabåten «Vestgar» var fullt med 100 entusiastiske støttespelarar til Kristoffer Skjerping. Dei fekk med seg folkefesten på Kleppestø då ryttarane passerte der i firetida. Nokre få minutt etter at Team Joker Icopal hadde passert, var båten med passasjerane i full fart inn mot Vågen i Bergen for å få med seg innspurten på Festpassen.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Martin Eilertsen
Her er foto av nokre av dei andre laga (alle foto: Martin Eilertsen)









