Kristoffer Skjerping syklar fellesrittet den 24. september

I dag melde Norges Cykleforbund at Kristoffer Skjerping får plass på det norske laget på fellesrittet for menn i Sykkel-VM sundag den 24. september. Dermed får syklisten frå Sekkingstad visa seg fram for heimepublikum den siste dagen under Sykkel-VM.

Kristoffer Skjerping skal representera Noreg under fellesrittet den 24. september.

Kristoffer Skjerping erstattar Svein Erik Bystrøm som siste helg måtte trekkja seg frå laget.

– Skjerping kjem inn som reserve for Bystrøm etter ein god haustsesong. Han har levert toppresultat som stadfestar at han er i form. Skjerping er ein ryttar med ein ekstra dimensjon og som alltid gjev hundre prosent uansett oppgåve, seier landslagssjef Stig Kristiansen til nettsida til Norges Cykleforbund.

Skjerping skal dermed saman med profilane Edvald Boasson Hagen og Alexander Kristoff representera Norge på det siste rittet i Sykkel-VM.

– Dette betyr mykje

For Kristoffer Skjerping er meldinga om at han kom på laget noko av det største han har opplevd som syklist.

– Det betyr utruleg mykje. Det er ein draum eg har jobba for i mange år. Det vart ein litt turbulent veg inn på laget, men eg er klar for å gje alt på heimebane. Eg er tatt ut som hjelperyttar, og oppgåva mi er å gjera alt det eg får beskjed om. Eg skal henta flasker, gå brot og henta brot, seier Kristoffer Skjerping.

I informasjonshefte, som er distribuert til alle husstandane i Sund, Fjell og Øygarden, seier Skjerping at han lovar rykk i Øygarden eller Fjell om han kjem på laget.

Etter at ryttarane har sykla gjennom Øygarden og Fjell, er det klart for ti tøffe rundar i Bergen sentrum. Det vil krevja sin mann å sykla ti rundar i ei løype med utfordringar heile tida.

– Det er ei fin løype. Det er vel ei typisk VM-løype, og ho vert ekstra krevjande dersom det vert regn og dermed glatt vegbane, seier Kristoffer Skjerping.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland