Under Sykkel-VM i september vil Bergen vera prega av kunst og kultur. Dagleg leiar i Kulturoperatørene, Øyvind Storheim, seier at byen skal krydrast med eit mylder av ulike kulturelle innslag.

I ei pressemelding frå Bergen 2017 går det fram at kulturtilbodet under meisterskapen skal vera uventa og overraskande. Publikum skal aldri heilt vita kvar ting kan dukka opp.
Den bergensbaserte gatekunstnaren AFK skal mala eit stort veggbilete som vil vera svært synleg i sykkeltraséen.
– AFK vil skapa eit oppsiktsvekkjande verk med garantert hakesleppfaktor, så vi får berre håpa at det ikkje fører til ein massevelt undervegs, seier Petter Nord, som er produsent for kunstnaren.
Også i samarbeidskommunane vert det stor aktivitet dei dagane ritta går føre seg. På Askøy skal askøyværingane gjenskapa det største sjøslaget i noregshistoria, og i Øygarden vert det mellom anna brudans, strikkhopping og sykkelsymfoni. I Fjell vert det til dømes spektakulær lysinstallasjon.
Foto: Oddleiv Apneseth, Bergen Reiselivslag