Kunstbarna i Luftskipet målar Sykkel-VM

Dei 12 barna som deltek i KGB kunst- og kulturformidling i Luftskipet på Straume er full av entusiasme og iver etter gjera seg klar til den store sykkelfesten. Det skal mykje til for ikkje å leggja merke til Sykkel-VM i kunstskogen like ved Temahuset når det om nokre dagar vert vist fram.

Det vert ikkje spart på lakken når sykkelen skal sprayast.

Vi var innom onsdag kveld då den eine gruppa på seks barn fekk boltra seg med sprøytelakk på store banner som skal hengjast opp som eit stort kunstverk like framfor Luftskipet sentralt på Straume.

– Det er mykje gøy å måla på dei store bannera. Til vanleg lagar me kunst på mindre lerret. Vi spreier lakk på dekka på hjula og rullar dei over bannera. Og under Sykkel-VM kjem Kristin med ei overrasking, seier Alvilde Algrøy løyndomsfullt. Alvilde ein dei seks ivrige på kunstkurset den fine onsdagskvelden.

Det er Kristin G. Bjærum som driv KGB kunst- og kulturformidling i Luftskipet. Kvar onsdag og torsdag har ho ei gruppe på seks barn som får driva med variert kunstformidling. No etter ferien handlar alt om Sykkel-VM. Det skal hengjast opp ei rekkje banner på 2,5 x 0,5 meter utanfor Luftskipet.

– Det vert sett opp ein lyskastar i forkant av bannera om kvelden. Fargane vil endra seg når lyskastaren vert retta mot kunsten. Og utanfor Luftskipet vert det fleire boder med både kortreist norsk mat som betasuppe og lefser og det litt meir internasjonale frå Romania, seier Bjærum.

Rakved og villsauskinn vil og verta mellom produkta i bodene. Det vert også laga til serveringsplass og arrangert konsert i samband med Sykkel-VM ved Luftskipet.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kristin Bjærum og Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå førebuinga til Sykkel-VM