Kunstprosjekt for Sykkel-VM i Øygarden

Utsmykkinga av oppstartsområdet for Sykkel-VM er blitt til eit kunstprosjekt der skuleborn i Øygarden får vera med på kreative prosessar.

I forbindelse med sykkel VM september 2017 ser Øygarden kommune på utsmykking av Rong senter og området rundt rådhuset.
Kulturkontoret ved Liv Edel har engasjert kunstnaren Monica Marcella til å laga ei utsmykking av taket på Rong senter, samt ein innstallasjon nær undergrunnen på Rong – vår nye VM portal.

Marcella (til v) og Liv Edel Gjennom DKS (Den kulturelle skulesekken) vitjar Monica klassar på nokre av skulane der ho samlar inn sykkelhistoriar og fisketeikningar. Eit stort trykk skal kle inn taket på Rong senter, slik at Øygarden blir synt fram frå fleire vinklar under TV – sendingane i september.

– «Me jobbar som idrettsutøvarar – trenar først, jobbar saman som team, deretter må borna prestere med eit resultat på rispapir med blekk.» «Dette skal stå igjen som resultat i eit større kunstutrykk.» seier Monica Marsella.

Motivet som det blir jobba med er valt på grunnlag av kommunen sin identitet, assosiasjonane syklistane visuelt gjev, som igjen skal samsvara med planting av området i nærleiken av undergrunnen som går under hovudvegen og inn på plassen på Rong senter.

Undergrunnen skal og få eit nytt utrykk – dette blir portalen som syklistane kjem gjennom for å bli innskriven på scenen under VM. Dette blir Øygarden kommune sin VM portal!