Kystbyseminar: Sykkel-VM, folkefest i vest

Den 20. september vert det invitert til nytt kystbyseminar i SF Kino Sotra med Sykkel-VM som tema.

Sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen

Det er no eitt år igjen til den store folkefesten for Bergen og regionen, og på kystseminaret den 20. september vert det stilt spørsmål om korleis regionen kan profilerast med dette arrangementet og om det kan gjerast butikk på dette. Korleis kan det skapast kortsiktige og langsiktige ringverknader av Sykkel VM er mellom dei spørsmåla som vert tekne opp på seminaret.

Kultursjef Lennart Fjell er både «Sykkel-VM-sjef» i Fjell og ivrig sykkelmosjonist.

På seminaret kan du møta profilerte personar som sykkelpresident Harald
Tiedemann Hansen, Trond Ahlsen i TV2 og Linda Eide frå NRK. Dei tre ordførarane
i regionen vil innleiingsvis seia litt om kva kommunane i vest kan få ut av
Sykkel-VM.

Les meir på nettsida til VNR om seminaret. Der kan du også melda deg på.

Tekst og foto: Vigleik Brekke