Kunst på Pyttane

Dei som kasta blikket opp mot Pyttane mellom klokka 22 og 23 i går, oppdaga at radarkuplane var opplyste med lyskunst.


Pyttane i går kveld.  

Dette var ei prøvebelysning og generaltest for det skal gjennomførast lysshow og dans ved Absence om kvelden den 21. september, midt i Sykkel-VM-veka. Det er kunstnar Birk Nygaard, BN Visuals som gjennomfører prosjektet, Pyttane Lighthouse. Målet er å ha permanent lyssetting.

Sjå også filmsnutt på facebooksida til Opplev Fjell.

Tekst og foto: Vigleik Brekke