Martin Engelsen: – Ein song for folk

– Eg har ønskt å skriva ein song for folk og dei som skal sjå på Sykkel-VM. Dette seier den lokale artisten, Martin Engelsen, om Sykkel-VM-songen sin; «Skjergardsvegen».

Martin Engelsen. Foto: Jan Ragnvald Torsvik
Martin Engelsen. Foto: Jan Ragnvald Torsvik

På familiedagen på Sotraplassen på Straume laurdag den 8. april framfører Martin songen sin to gonger.

– Eg fekk ei utfordring frå kultursjef Lennart Fjell om å laga ein lokal Sykkel-VM-song. Eg tenkte at den utfordringa skal eg ta. Songen handlar mellom anna om den flotte naturen her ute, seier Martin Engelsen.

Martin Engelsen har vakse opp på Kolltveit. Han er både tekstforfattar, komponist og har sett melodi til «Skjergardsvegen». Sjangeren er pop/country.

– Eg har ikkje berre Fjell i tankane i denne songen, men at det kan vera ein song for alle dei tre kommunane i regionen. Songen er skriven på dialekt, og han er lett å syngja med på. Eg ønskjer å få fram at vi er strilar og at vi gjer det på vår måte, seier Engelsen.

Martin Engelsen har i fleire samanhengar framført songen både med gitar og med backing. Du kan lytta til «Skjergardsvegen» på Spotify. Dei andre musikantane er Sindre Leigland på trommer, Thommas Schønberg på gitar, Lars Hammersland på tangentar og Leif Inge Børnes på bass. Produsent er Eirik Grønner.

Vi veit det vel frå før, dei likar seg i Skjergardsvegen.
Som strekkjer seg mot hav og gamalt strileland.
Ein del av Norsk kultur med, festningen og Russarstegen.
Her skal det vera ærleg kappestrid, –mann mot mann. ( 1. vers)

Les heile teksten her.

Her kan du lytta til songen på Spotify:

Lokalt er det produsert fleire lokale Sykkel-VM-songar. Den 23. mars presenterte vi Helge Andreas Pareli Notland som saman med koristar frå Fjell kulturskulekor har laga songen «Let´s go for a ride». Etter påske presenterer vi Geir Barsnes i Øygarden som har laga Sykkel-VM-song saman med barn.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto:  Jan Ragnvald Torsvik