NM-bronse til Kristoffer Skjerping

Vårt lokale håp i Sykkel-VM i september, Kristoffer Skjerping, imponerte med bronse i NM-tempo for senior i Stjørdal på torsdag. Han kom i mål 1,19 etter vinnaren Edval Boasson Hagen.

 

Kristoffer Skjerping

Den 24 år gamle Kristoffer Skjerping (Team Joker Byggtorget/CK Sotra) kjem frå Sekkingstad i Fjell og leverte med resultatet i NM eit viktig bidrag til å verta med på det norske laget i landevegsritt den 24. september. Den norske kvoten i Sykkel-VM vert på seks til ni ryttarar, og det store målet for Skjerping er å vera mellom dei som vert tekne ut på det norske laget.

Godt nøgd Skjerping

Det er ei god stund sidan Kristoffer Skjerping hadde sin forrige NM-medalje.

– Dette var ein kjempebra dag, og det smakte svært godt. Eg starta nok litt hardt, men det heldt heldigvis heile vegen inn. Det var litt surt å vera så nær sølv (11 sek.). Eg ser fram til sundag. Då stiller vi med størst lag, og det er håp om å ta medalje der også, seier Kristoffer Skjerping.

NM held fram med gateritt på fredag og avsluttande fellesstart på sundag.

Sjå video med Kristoffer Skjerping saman med lokale håp her.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland