No er sykkelfesten i gang

Laurdag ettermiddag var fleire tusen menneske på plass i nydeleg seinsommarvér på Torgalmenningen for å få med seg opningsseremonien for Sykkel-VM.

Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl, og øygardsordførar Børge Haugetun var begeistra då Fargespill avslutta eit forrykande opningsshow laurdag ettermiddag.

Mellom dei mange feststemte var ordførartrioen i vest på plass ved Børge Haugetun (Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Kari-Anne Landro (Sund).

– Eg er eigentleg audmjuk i dag. Eg tenkjer på at ordførar Otto Harkestad, som døde i desember 2014, var ein av forkjemparane heilt frå starten av for å få Sykkel-VM til Bergen og regionen. Eg er glad for at nokon har gått framfor, seier Børge Haugetun som ser fram til at Rong og Øygarden er startplassen for ritta dei to siste dagane i meisterskapen, 23. og 24. september.

Ifølgje BT var det rundt sju tusen menneske samla på Torgalmenningen i ettermiddag. Mange gjester var inviterte, og nesten alle var der.

Vi har noko å gle oss til

Kulturminister Linda Hofstad Helleland var blant dei som helsa til folket.

– Dette er eit folkeleg, tilgjengeleg og spektakulært arrangement. Det er ein rekordstor tropp frå Noreg. Sykkelsporten har verkeleg sett sitt preg på landet vårt. Med tusen kilometer på sykkel har vi noko å gle oss til, sa kulturministeren.

UCI-president Brian Cookson stod for den offisielle opninga av Sykkel-VM.

Det var nok UCI-president Brian Cookson som var tydelegast på at dette var eit arrangement med både Bergen, Askøy, Øygarden og Fjell som arrangørar. Han var trygg på at dette arrangementet vil verta ein suksess.

Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy legg ikkje skjul på at ho er spent på korleis dette vil gå når også Øygarden og Fjell etter kvart vert involverte i arrangementet.

– Eg håpar på same vér som i dag. Då får vi verkeleg ein sykkelfest. Eg opplever at folk stiller opp, og difor kan eg seia at vi er klare for Sykkel-VM, seier Sandahl Bjorøy som tenkjer på kor vakkert det vert når ryttarane syklar over til dømes Rongesundbrua.

Sjølv om ikkje løypetraséen går gjennom Sund, er nabokommunen i sør med på sykkelfesten. Dei tre ordførarane var samla på Torgalmenningen, og ordførar Kari-Anne Landro registrerer både fleire proffsyklistar og mosjonistar på vegane.

– Tre profflag bur på Panorama Hotell & Resort. Vi ser også at det er mange som syklar «rundt Sund», og generelt er nok folk meir sykkelengasjerte enn før. Her i dag har vi ei perfekt ramme, seier Sund-ordføraren som minner om at det ligg mange tusen timar arbeid bak eit stort arrangement som dette.

Tidlegare verdsmeister på sykkel,Thor Hushovd, møtte dei lokale ordførarane. Frå venstre; Terje Mathiassen (Askøy), Børge Haugetun (Øygarden), Hushovd, Kari-Anne Landro (Sund) og Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell).

Bergensordførar Marte Mjøs Persen viste også i sin tale til at det to tusen frivillige som stiller opp. Det var stor breidde i dei musikalske innslaga på opningsseremonien. Med Nystemten, Grieg, Bull og artistar som Lars Vaular, Ni grader nord og Fargespill måtte det verta ein god start på Sykkel-VM, og det vart det.

Og i morgon (17. september) er det klart for lagtempo kvinner elite  klokka 12.05 og lagtempo menn elite klokka 15.35 med start på Ravnanger på Askøy. Joker Icopal stiller med sekkinstadguten Kristoffer Skjerping på laget. Joker Icopal startar kl. 15.52.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Martin Eilertsen

Her er fleire bilete frå opningsseremonien:

I midten; bergensordførar Marte Mjøs Persen.