Sykkel i Vest er ei felles nettside for region vest (Fjell, Sund og Øygarden) som skal stimulera til bruk av sykkel. Det første året vil sida vera prega av Sykkel-VM/Bergen 2017. Den 23. og 24. september vert det SYKKELFEST I VEST.
Sykkel i Vest
Med denne sida ønskjer vi å stimulera til auka bruk av sykkel i regionen. Det er eit mål at det skal vera trygt å sykla. Vidare ønskjer vi at fleire skal sykla og at det vert lagt til rette for at det er attraktivt å sykla i regionen vår både for innbyggjarane og turistar. Sykling er også eit viktig folkehelsetiltak. Døme på tiltak og kampanjar er Alle barn syklar og Del veien (Statens vegvesen)
Fram til september vil denne sida vera prega av at Sykkel-VM 2017 skal arrangerast i bergensregionen. Øygarden og Fjell kommunar har løyvd pengar til Bergen 2017, og i tillegg satt av midlar til lokale tiltak.
Kommunane ønskjer at dette arrangementet skal verta ein folkefest der regionen verkeleg vert sett på kartet. Dei to dagane det er ritt gjennom Øygarden og Fjell vil krevja lokal innsats. Det skal utarbeidast ein trafikkavviklingsplan som sikrar at både trafikkflyt og tryggleik for alle innbyggjarane i regionen.
Bergen 2017
Bergen 2017 er organisasjonen som er ansvarleg for planlegging og gjennomføring av UCI Road World Championships Bergen, Norway 2017 (Sykkel-VM 2017). Norges Cykleforbund (NCF) vert dermed vertskap for eitt av dei største idrettsarrangementa i verda. Sykkel-VM går føre seg i tida 16. til 24. september 2017. Bergen 2017 er vertskapsby for sykkel-VM. Hordaland fylkeskommune og Øygarden, Fjell og Askøy kommunar er medarrangør av Sykkel-VM og legg mykje ressursar både i tida fram til meisterskapen og under sjølve arrangementet. Les heile programmet her.
Sykkel-VM i vest
To av ritta startar i Øygarden og går via Fjell til målgang i Bergen. Med Sykkel i Vest vil vi lyfta opp heile region vest (Fjell, Sund og Øygarden) og både visa oss fram som ein vekstregion som fremjar sykling i alle aldersklassar. To ritt startar på Askøy (16. – 17.09.).
Den 23. og 24. september er det altså klart for to festdagar i regionen der verdas beste syklistar stiller til start på Rong i Øygarden.
- Laurdag 23. september kl. 09.30: Fellesstart menn junior. Distanse: 135,5 km.
Rittet startar på Rong i Øygarden og følgjer riksvegen sørover gjennom Fjell før det heile vert runda av med åtte rundar i Bergen sentrum. Målgang vert på Festplassen. Les meir. - Sundag 24. september kl. 10.05: Fellesstart menn elite. Distanse: 276,5 km.
Også dette rittet startar på Rong i Øygarden og går via Fjell til målgang på Festplassen i Bergen. I Bergen sentrum vert det åtte rundar før vinnaren kan kårast seint sundag ettermiddag. Les meir.
Organisering
Sykkel-VM i Øygarden
Politisk styringsgruppe – Formannskapet i Øygarden
- Ordførar Børge Haugetun (TVØ)
- Varaordførar Atle Dåvøy (Krf)
- Silvia Haugland (TVØ)
- Espen Harkestad (Ap)
- Inger Marie Toft (H)
Kommunal arrangementskomitè
- Kulturleiar Christel Møvik-Olsen, leiar. 986 37 225 christel.movik-olsen@oygarden.kommune.no
- Folkehelskoordinator Bente Guntveit
- Logistikk Jarl Martin Hestad
- Brannsjef Jan Gaute Haug
Arrangementskomitè for fansone Rong Senter
- Øyvind Solsvik og Arne Gunnar Solsvik. 412 70 077 oyvind.solsvik@oygarden.kommune.no
- Frivilligsentralen v/ henrik Angermund. 904 15 771 henrik.angermund@oygarden.kommune.no
Arrangementskomitè for kulturfest – Kystmuseet
- Daglig leiar Kystmuseet Bjørg Christophersen. bjorg@museumvest.no
Ordførar Børge Haugetun og rådmann Siri Fahlvik Pettersen er medlem i hovudkomiteen for sykkel-VM. Elles er det ei fleire utval/grupper som arbeider med Sykkel-VM som informasjon, beredskap, samferdsle og andre kommunale tenester.
Sykkel-VM i Fjell
Politisk styringsgruppe
- Varaordførar Tom Georg Indrevik (Høgre), leiar.
- Odd Bjarne Skogestad (KrF)
- Olav Kobbeltveit (Venstre)
- Hilde Elisabeth Lohmann Sandal (Ap)
- Henriette Nordtveit (Høgre)
Kommunal arrangementskomité
- Kultursjef Lennart Fjell, leiar. 954 287 03 lennart.fjell@fjell.kommune.no
Arrangementskomité for fansone Ågotnes
- Anita Vindenes, leiar. 982 09 811 anita@sotragruppen.no
Arrangementskomité for fansone Kolltveit
- Irene Evanger Rå, leiar. 930 94 470 ireneevanger@gmail.com
Arrangementskomité for fansone Straume – Sotra Kystby
- Linn T. Olsvoll, leiar. 400 43 664 linnhelen@sartorsenter.no
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og rådmann Steinar Nesse er medlem i hovudkomiteen for sykkel-VM. Elles har A-teamet arbeidsmøter annakvar mandag, med fleire arbeidsgrupper for informasjon, beredskap, samferdsle m.m.