Populært med barneløype

Trass i ein litt småsur vind og grått vér, var det ein god del barn og vaksne som hadde funne vegen til Sotraplassen på laurdag. Cykleklubben Sotra inviterte til familiesykkeldag i samarbeid med Fjell kommune, Bergen 2017 og Sartor Storsenter.

Seks å gamle Matheo Landro Vågenes konsentrerte seg godt då han sykla gjennom barneløypa.

Karianne Landro Vågenes frå Fjell gard følgde sonen Matheo rundt barneløypa.

– Via Facebook-sida til Sartor Storsenter, kundeklubben og gjennom kjente vart eg obs på at  det skulle arrangerast familiesykkeldag i dag. Det er svært kjekt at det vert lagt til rette for barna på denne måten. Matheo har fått ny sykkel, og han har gledd seg til denne dagen heile veka, seier Landro Vågenes.

Lokal Sykkel-VM-song

Leiar i den politiske styringsgruppa for Sykkele-VM, Varaordførar Tom Georg Indrevik, introduserte den lokale artisten Martin Engelsen som har laga «Skjergardsvegen» som sin lokale Sykkel-VM-song.

Martin Engelsen framførte «Skjergardsvegen»

Familiedagen på Straume er ein av dei første stormønstringane av lokale sykkelarrangement denne våren i Sykkel-VM-året. Cykleklybben Sotra og alle andre sykkelentusisastar håpar på at Sykkel-VM skal få fleire av oss til å bruka sykkelen, også etter VM.

– Eg trur fleire vil verta interessert i sykkel på grunn av Sykkel-VM, seier Karianne Landro Vågenes.

Det handla om sykkel i alle variantar på laurdag. Det vart demonstrert El-sykkel, sykkelsjekk, spinning, marknad, konkurranse, Pump- Track-løype og klatrevekk for å nemna noko. Basecamp opna dørene til sykkelverkstaden like ved, og folk kjøpte noko varmt og godt til kaffien.

Leiar i Cykleklubben Sotra, Frode Erstad, er godt nøgd med arrangementet når vi snakka med han eit par timar før det heile vart runda av klokka 16.

– Det har auka på med folk etter kvart. Sjølv om det ikkje var heilt ideelt vér i dag, var det opphald. Det har vore godt med deltakarar på barneløypa, og spinningtimane med Aktiv365 var også populære, seier Frode Erstad.

Her er fleire bilete frå familiedagen på Straume: