Presenterer heimstaden sin for sykkel-turistane

Elevar på Fjell ungdomsskule ønskjer at turistane skal få oppleve Sotra. I samband med Sykkel-VM har språkstyrkingsprosjektet ”Stolt av eige språk” arrangert ein turistbrosjyre-konkurranse for ungdomsskuleelevane i kommunen.

Elevane har fått stilt ut brosjyrar på Visit Bergen. Frå venstre; Jakob Århus Mikalsen, Felix Vijay Hanuren, Emma Sørensen, Madelen Hovland Kahrs og Mads Klubben Lindgren.

Like før helga var vinnarane Felix Vijay Hanuren, Emma Sørensen, Madelen Hovland Kahrs, Mads Klubben Lindgren og Jakob Århus Mikalsen frå Fjell ungdomsskule og vitja turistinformasjonen i Bergen, der dei overrekte brosjyrane til avdelingsleiar Ann-Kristin Schei.

– Eg er mektig imponert over kva elevane har fått til, dette er faktisk brosjyrar vi ynskjer å bruke, seier Schei. Elevane vart godt tekne imot av avdelingsleiaren, som serverte bollar, brus og som gav kvar einskild elev grundige tilbakemeldingar på brosjyrane.

–  Kjennskapen dei har til nærområdet gjer brosjyrane ekstra interessante, legg Schei til.

Nynorsk og engelsk

Oppgåva gjekk ut på å presentere heimstaden for turistane, og promotere naturen og det som gjer at  Sotra merkar seg ut frå resten av landet. Teksta i brosjyren er skriven på nynorsk, men har eit engelsk samandrag slik at også dei utanlandske turistane kan nyttegjere seg av informasjonen. Fire brosjyrar har blitt plukka ut til å vere tilgjengelege på Bergen turistkontor, og eit utval av brosjyrane vil også pryde rådhuset vårt her i Fjell kommune.

Avdelingsleiaren hadde fått den grafiske avdelinga på Bergen turistinformasjon til å vurdere brosjyrane, og elevane fekk utfyllande tilbakemeldingar og tips om visuell appell og tekstleg innhald.

– Brosjyrane omhandlar stadar og opplevingar som vi her på turistinformasjon ynskjer å få betre kjennskap til, og me tykkjer de har promotert heimstaden dykkar på ein særs god måte, understreka Schei.

Målet med språkstyrkingsprosjektet ”Stolt av eige språk” er å betre vilkåra for nynorsken i skulen, og gjere nynorsken meir synleg. Prosjektleiar Jorid Saure er oppteken av å gje elevane motiverande og autentiske skriveoppdrag. Når elevane får erfare at det å meistre å skrive er ein ressurs, kan det styrke motivasjonen for språktileigninga og gjere det kjekt å lære.

– Ungdomar i dag er meistrar i å utforme samansette tekstar, tekstar der bilete og tekst spelar saman, seier Saure. Ho trur det er lurt å byggje på kunnskapen elevane allereie har og bruke han som ein grunnstein i den vidare fagtileigninga. Saure er særs godt nøgd med resultatet av turistbrosjyrekonkurransen og er stolt av å få vise fram det gode elevarbeidet.

– Det er viktig at me opnar opp klasseromsdørene og får vist fram alle dei kreative og skriveføre ungdomane vi har, avsluttar ho.

Bilete: Jorid Saure

Ann-Kristin Schei